Ferdig på skulebenken og klar for å kaste deg ut i arbeidslivet? Endeleg ferdig med å leve på stipend, og framover dukkar større summar opp i nettbanken. Her har vi samla litt informasjon om korleis ein får mest mogleg ut av den nye situasjonen din enten du er lærling, har deltidsjobb eller skal ha eit jobbeår.

Lurt å få på plass tidleg

No er tida for å spare

Auka inntekt gir auka sparepotensial. Her er tre måtar å spare på:

Buffersparing - Ein veit aldri når vaskemaskina eller mobilen ryk! Sett av pengar til uventa utgifter på ein eigen sparekonto.

Enkeltformål - For mange er det aktuelt å spare til meir kortsiktige prosjekt, som sertifikat, bil, ferietur eller liknande. Då anbefaler vi Sparemål.

Bustad - Bustadsparing er eit langsiktig prosjekt, og med høge bustadprisar anbefaler vi å kome i gang tidleg. Har du skattbar inntekt, anbefaler vi BSU-sparing. Om du ikkje skattar, vil Bustadsparekonto vere ditt beste alternativ.
Les meir om bustadsparing

Bu heime eller flytte ut i lærlingtida?

Om du bur heime i perioden du er lærling har du gode moglegheiter for å spare. Dette kan vere gullår for kontoen din! Så dersom du må eller vil flytte etter du er ferdig på skulen, hugs at utgiftene aukar. Skaff deg derfor kontroll over økonomien ved å lage ei oversikt over utgiftene dine.
Her har vi samla nokre utgiftspostar som du må rekne med når du bur for deg sjølv:
  • Husleige
  • Straum og internett
  • Mobilabonnement
  • Mat og hushaldningsartiklar
  • Transport
  • Klede

La sparinga gå av seg sjølv

Med ein spareavtale opprettar du faste månadlege trekk til dømes på lønningsdagen. Då går sparinga utan at du merker det. Eit anna alternativ er å ta i bruk småsparing. Med småsparing kan du spare litt kvar gong du drar kortet, enten eit fast beløp eller ei avrunding oppover av beløpet. Dette er små endringar per transaksjon som kan utgjere ein stor forskjell i det lange løp.
Opprett småsparing

Jobbeår + sparemål = sant

Eit jobbeår er ein kjempemoglegheit til sparing for å førebu deg på ein stramare studentøkonomi i åra som kjem, eller spare til konkret mål som til dømes reise. Dersom du bur heime er utgiftene låge og dermed sparepotensialet høgt. Vi anbefaler å sette opp budsjett tidleg, slik at du sit igjen med mest mogleg av inntekta ved slutten av jobbeåret.
Logg inn og sett sparemål

Pendlar du til jobb?

Enkelte stillingar krev litt reiseveg. Kanskje du ser behovet for bil?
Billån ung

Les fleire artiklar på meirennbank.no

Sparetips til lærlingen

Les heile saka
Sparetips til lærlingen3. november 2022
Dine rettigheiter som deltidstilsett22. november 2022
Derfor bør du ha ein Aksjesparekonto4. april 2022