Lønsam sparing

Lønsemd handler om meir enn høgast mogeleg forventa avkastning i ein gitt periode. Du kan ikkje på førehand vite noko sikkert om kva avkastninga vil bli i framtida. Derfor er kostnadane i form av risiko og honorar også viktig.

Lønsemd handlar om balanse:
Sparer du i verdipapirfond kan du forvente at avkastningen over tid vil stå i forhold til den risikoen du påtar deg. Sameleis bør honorarnivået også stå i forhold til forventa avkastning. Eit lønnsomt spareprodukt er kjenneteikna ved god balanse mellom alle desse faktorane.

Grunnen til at verdipapirfond gir slik balanse er at fonda investerer i regulerte, opne marknader med mange kjøparar og seljarar. I tillegg er verdipapirfondsmarknaden sjølv kjenneteikna ved full openheit og gjennomsiktigheit, mange tilbydarar og greit å samanlikne kostnader, avkastning og risiko på tvers av ulike fond og fondsleverandørar.

Reguleringa, openheit og konkurransen i velfungerAnde marknader gjer det mogeleg å ta velinformerte valg i høve til eigne ønske og vurderingar. Velfungerande marknader som fondsmarknaden og verdipapirmarknaden gir deg dei beste moglegheitene til å finne investeringar der forventa avkastning står i eit rimeleg forhold til kor mykje risiko du kan tåle.
I
Ingen avkastning utan risiko:
Det er samanheng mellom risiko og avkastning. I verdipapirmarknadane er avkastning utover risikofri rente ein kompensasjon vi kan få om vi er villige til å påta oss risiko. Hvis vi ikkje ønsker risiko, kan vi heller ikkje forvente avkastning utover risikofri rente.

Kvifor bør eg opprette spareavtale:

Dei fleste av oss har nokre ekstra kroner til rådvelde kvar månad. Dersom du starter ei langsiktig spareavtale i aksjefond kan du:
 

  • oppnå økonomisk tryggheit og fleksibilitet
  •  balansere forbruk og sparing
  • redusere risiko
  • dra fordel av at marknaden svinger
  • redusere risikoen for kjøp av alle andelane på høge kursar

Du kan spare til alle faser i livet:

Eit fast formål: ferie, fritidsbustad, bil, motorsykkel etc.

  • Sabbatsår
  • Pensjonstilvere
  • Til barna: bustad, studier, bryllaup etc.


Skattefordeler:


Avkastninga blir skattlagd først når andelane blir selde (realisasjon). Du betaler 27 prosent skatt for realisert kursgevinst som overstig avkastninga (etter skatt) på statspapirer med tre månaders løpetid (skjermingsrentan). For andelseigar betyr dette at årleg avkastning opp til skjermingsrenta vil vere skattefri. Skjermingsrenta for det enkelte inntektsår er basert på årsgjennomsnittet for det aktuelle inntektsåret og blir derfor først fastsett tidleg i det påfølgjande året.

 
Realisert kurstap på andelane er frådragsberettiga etter same skattesats, dvs 27 prosent. Det blir berre gitt frådrag for skjermingsfrådrag inntil skattepliktig gevinst er lik null. Ved realisering av kurstap vil ubrukt skjermingsfrådrag falle vekk. Tap som skuldast sjølve skjermingsfrådraget er ikkje frådragsberettiga.


Dersom noko er uklårt, ta kontakt oss.

Kalkulatorane våre


Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • MÅNDAG-TORSDAG
    kl. 08.00-21.00
    FREDAG
    kl. 08.00-16.00