Fondshandel

Ny fondshandelsløysing

Sparebanken Sogn og Fjordane vil frå november 2017 tilby ny løysing for fondshandel. Den nye løysinga inneheld ei rekkje nye funksjonar og tenester som til dømes:
  • Tilgang til Aksjesparekonto - sjå meir her 
  • Ny og vesentleg betre fonds- og aksjeoversikt i både nettbank og mobilbank
  • Tilgang til historisk utvikling på portefølje
  • Førehandsdefinerte spareløysingar
  • Fleire fond å velje mellom
  • Full oversikt over barna dine sine fond
  • Samla rapportering og årsoppgåve

 
Kva inneber ny løysing for deg?
Hittil har fondsandelane dine vore registrerte hos den enkelte fondsleverandør. I den nye løysinga skal Norne Securities* no utføre desse oppgåvene.  Dette betyr at Norne Securities vil føre register over fondsandelane dine og rapportere transaksjonar, beholdning m.m. til deg og skattemyndigheitene.

Overgang til ny løysing inneber ingen skattemessig effekt eller endringar i rettar og rettsvern for deg som andelseigar. Du vil heller ikkje få ekstra kostnader eller gebyr. 

Samtykke til ny fondsløysing
Du må akseptere at vår nye samarbeidspartnar, Norne Securities, blir ført inn i andelseigarregisteret hos din noverande fondsleverandør slik at fonda dine blir registrerte hos Norne Securities. I tillegg må du godkjenne ny kundeavtale. 

Logg deg på i nettbanken her, så får du opplysningar om ny fondshandelsløysing, og kan gi ditt samtykke.

Har du svart nei til ny fondsløysing, og angrar? - Bestill her
Logg deg på i nettbanken, og sei ja.

NB! Utan samtykket ditt kan vi ikkje levere same service og oversikt over fonda dine i framtida.

 

* Norne Securities AS er eit verdipapirføretak med løyve frå Finanstilsynet til å stå oppført som forvaltar (nominee) i verdipapirfonda sitt andelseierregister. Norne Securities er eigd av fleire frittstående sparebankar. Meir informasjon på norne.no

Logg deg på i nettbanken og sei ja til ny fondsløysing :

Sa du nei til ny fondsløysing og angrar? Logg inn på nytt og svar ja her:

Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00