Fondshandel

DNB Asset Management

Tilbyr fond for alle kundekategoriar; frå deg som har mest fokus på sikkerheit til deg som vil ta meir risiko. Det er ingen teikne-/innløysingsgebyr ved kjøp/sal av desse fonda hos oss.

Kvifor spare i verdipapirfond?
Sjå meir info. her. 

Kva fond skal du velje?

Lita tid og interesse - vel Alt-i-eitt-løysing
Tilhøyrer du denne gruppa, har vi løysinga:  Fem ferdige fondsløysingar som vi har kalt Aktiv-fonda.

I disse fonda følgjer vi aktivt opp sparinga for deg. Kvart Aktiv-fond er sett saman av fleire andre handplukka fond. Forvaltarane våre avgjer kva fond som til kvar tid skal inngå basert på grundige fonds- og marknadsanalyser.

To spørsmål avgjer


1. ditt forhold til risiko
2. planlagt sparetid

Talet i namnet fortel kor mykje prosentvis kvart Aktiv-fond normalt investerer i aksjar. Aksjeandelen er fordelt mellom 1/3 norske aksjar og 2/3 globale aksjar. DNB Aktiv 100 vil alltid ha alle pengane investert i aksjar, DNB Aktiv 80 vil ha rundt 80 prosent i aksjar og så vidare.

Resten av fondet vil vere investert i norske pengemarknads- og obligasjonsfond, dvs. rentefond. DNB Aktiv Rente investerer berre i den norske rentemarknaden.

 

Interessert og aktiv

Ønskjer du å ta alle investeringsavgjerder sjølv, kan du investere i enkeltfond på eigahand og sy saman eigne definerte porteføljar ut frå interesse og tru på ulike marknader. Nedanfor har vi sett opp nokre fond som kan vere aktuelle. Alle med ulik risiko og avkastningsmulegheiter. Vi gjer merksam på at risikoen i desse fonda normalt vil vere høgare enn i dei fonda som er nemnde i sparepakkane ovanfor.

Din eigen rådgjevar

Når du er din eigen rådgjevar, minner vi om:
- at du bør sette saman ein portefølje med ulike aktivaklassar (aksjar og renter) som har ulike eigenskapar
- at du bør velje fleire fond som utfyller kvarandre
- at du må vere medviten på risikoen i det enkelte fondet
- at det alltid er smart og går gradvis inn og ut
- at du bør lese marknadsanalyser og gjere justeringar i porteføljen din undervegs, spesielt ved store endringar i marknaden
- at ein sparestrategi bør ligge fast over tid

Link til faktaark på enkeltfond som er tilgjengelege for kjøp:

 

Spareavtaler

Med spareavtaler blir små beløp fort store.
For folk flest er spareavtaler den enklaste måten å spare på. Spareavtaler er faste månadlege trekk frå lønnskontoen til ei valt spareform. Med ei spareavtale veit du at sparinga skjer utan at du treng å gjere noko kvar månad. Med spareavtaler i fond får du i tillegg den tilleggseffekten at risikoen i sparinga blir redusert, fordi du får kjøpe fondsandelar på ulike tidspunkt.

Kva betyr tid?

I tabellen ser du effekten litt ekstra avkastning har over tid. Rentes-rente-effekten, altså avkastninga på allereie oppnådd avkastning, gir store utslag når sparetida er lang.

Kva betyr risiko?

I tabellen under ser du også effekten aksjar i sparinga gir over tid, dess meir aksjar, dess høgare forventa avkastning. På nederste rad ser du til samanlikning kva du kan forvente av eit rentefond.

1000 kr i måneden kan fort bli mykje pengar!


Tabellen viser kva ei månadleg spareavtale på kr 1 000 eller ca 30 kr dagen, vil stige i verdi i ulike tidsperioder og ved ulik blanding av aksjar og renter.

Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00