Spare i fond og aksjar

Gi fond i gåve

Vil du gjerne gi ei gåve som varer? Då er fond eit flott alternativ til kontantar både til konfirmasjon, dåp, bursdag og jul. Du kan velje mellom eingongsbeløp eller månadleg sparing.

Når du gir pengar i fond, kan gåva di vekse i verdi ettersom tida går. Du vil  hjelpe konfirmanten, dåpsbarnet eller jubilanten til å spare langsiktig.

Det er enkelt for deg å gi fond i gåve. Det einaste du treng er namn og fødselsdato på mottakar. Minstebeløpet er 250 kroner, og du kan velje eit eingongsbeløp eller opprette ei månadleg sparing.

Korleis bestille?
NB! Både du og den som du skal gi gåve til må vere kunde hos oss.

Her kan de bli kunde. 

Så bestiller du fond i gåve ved å fylle ut dette skjemaet.

Kva fond skal eg velje?
Vi anbefalar tre fond, dersom du ønskjer eit av våre andre fond står du fritt til det. Desse fonda plasserer pengane dine i aksjar i heile verda. Over tid gir dette moglegheit for god avkastning og redusert risiko. Sparinga bør vere langsiktig i minst fem år. Risikoprofil: 5/7

Eige gåveomslag for fond
Når du har sendt skjemaet får du ei kvittering på skjermen, og der finn du eit gåvebrev som du kan fylle ut, printe ut og gi til den heldige mottakaren.

Vi vil ta kontakt med deg i løpet av dei nærmaste yrkedagane. Det kan ta 3-4 arbeidsdagar før fondet er etablert.

 

fond i gåve

gåvekort fond

Nyttige lenker

Ofte stilte spm. om fond i gåve

Sjå meir om fonda vi tilrår:

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00