Når barna sparer i fond

Frist for å akseptere løysing for barn er sett til måndag 24. september kl.10.00.

No er vi klare med ei løysing for mindreårige sine fond, slik at du som er verje kan få tilgang til borna sine fond i din nett-/mobilbank. Men då treng vi godkjenninga di for å flytte barna sine fond til Norne Securities. Det gjer du raskt og enkelt med BankID ved å følgje lenkja du har fått tilsendt i ein eigen epost.

Korleis blir fonda til mindreårige flytta over i ny fondsløysing?
Her er litt meir informasjon til foreldre og verjer.

Slik skjer flytting og konvertering:

  • Ein av verjene får e-post om konvertering og link til signering.
  • Når du trykker på linken, blir det generert eit konverteringsdokument.
  • Så vel du om foreldra skal ha disposisjonsrett åleine, eller saman med den andre verjen til barnet.
  • Når du har fullført signeringa, får den andre verjen informasjon på e-post. Då kan han akseptere det førstemann har fylt ut, eller velje å ikkje signere.
  • Når alle verjene har signert, blir den mindeårige sine fond med på konverteringa, og du kan få tilgang til fonda hans i nettbank og mobilbank.
  • Har du fleire barn som sparer i fond, får du ein epost for kvart barn. 

Problem med å signere med BankID?
Kontakt Kundesenteret vårt på epost Kundesenter@ssf.no

NB! Du må vere kunde hos oss og ha nettbankavtale, for å få slik tilgang til barna sine fond. 

Slik får du innsyn i barna si sparing når behaldninga er flytta : 

  • Når fonda er flytta kan du logge på eigen nettbank/mobilbank og gå inn på fondsløysinga.
  • Her går du inn på eigen fondshandel. Du treng ikkje ha Fond.
  • I menyen vil du kunne bytte brukar og velje barnet sitt namn.


Vi ventar at behaldning frå våre fondsleverandørar Skagen, DnB, Eika, Holberg og Odin vert flytta i månadsskiftet september/oktober.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre her.

Vi beklager den korte fristen for å vere med på konvertering til ny fondsløysing for barn!


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00