Spare i fond og aksjar

Fondssparing til barn

Før du startar sparinga må du ta stilling til enkelte spørsmål, først og fremst om du skal spare i ditt eige eller barnet sitt namn. Det er fordelar og ulemper i begge alternativa som vi kort vil skissere.

Spare i foreldre sitt namn:

Fordelar:

  • Enkelt å ordne. Opnar fonds/aksjesparekonto, merke den med barnet sitt namn, så er alt på plass.
  • Risikerer ikkje at studielån frå Lånekassen vert avkorta.
  • Slepp eventuell varsling til overformynderiet.
  • Foreldre bestemmer når barna skal få tilgang til midlane.

Ulemper:

  • Verdiane vil inngå i buet ved skilsmisse eller død.
  • Kan gå glipp av eventuell skattefri gevinst ved sal før barnet får skattbar inntekt.

Spare i barnet sitt namn:

Fordelar:

  • Foreldre kan ikkje sjølv bruke opp midlane til barna.
  • Ved sal av fondsandelar etter barnet har fylt 17 år, men før barnet får skattbar inntekt kan gevinsten bli skattefri.

Ulemper:

  • Barna vil sjølv få råderett over midlane når dei blir 18 år.
  • Formue kan føre til redusert stipend frå lånekassen.
  • Overformynderiet kan ta kontroll over barna sin formue. (Dersom formuen er over 2G)

Bestill fondssparing for barn

Spørsmål?

Send inn skjema her og vi vil ta kontakt med deg.

far og son

Gi fond i gåve

Til dåp, bursdag eller konfirmasjon -
gi ei gåve som veks over tid:

 

Sjå meir om fond i gåve

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00