Opprette konto for barn

Når du skal opprette konto for barn under 18 år som ikkje er kunde i banken frå før, er det ein del krav til dokumentasjon både for barnet og dei føresette.

Fødselsattest på barnet
Vi treng denne for å opprette konto til barnet. Fødselsattesten kan de laste opp elektronisk saman med søknadsskjemaet som de kan fylle ut her.

Om de ikkje ynskjer å sende denne på e-post, kan den sendast i posten til :

Sparebanken Sogn og Fjordane Kundesenter postboks 113 6801 FØRDE

Elektronisk signering med BankID
Om begge verger har BankID kan vi sende avtalen for elektronisk signering. Om de ikkje har bankid kan vi sende avtaledokument i vanleg post.

Vi må også vite om begge verger skal disponere kontoen i fellesskap, eller kvar for seg. Dersom de vel å disponere i fellesskap, må begge verger samtykkje til eventuelle uttak frå konto. Om de vil disponere kvar for dykk, kan den eine vergen ta ut pengar frå konto utan at den andre vergen må samtykkje.

Spare større beløp til barn
Når sparebeløpet overstig grensa for det som kjem under vergemål pt. 2 G, kan foreldre/verge sin disposisjonsrett bli avgrensa (sjå Vergemålslova). Du kan omgå det ved gåvebrev til dømes ved etablering av konto.

Noko du lurer på?
Ta kontakt om noko er uklårt eller om det er noko anna vi kan hjelpe deg med. Vi er tilgjengeleg for deg på tlf 57829700 mån-tor fram til kl 21.00, fredag til kl 16.00




Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00