Aksjesparekonto for aksjar

Kva skjer når du etablerer aksjesparekonto for aksjar i nettbanken?

Aksjane dine vil bli ført over frå eksisterande VPS-konto til din nye VPS-konto som blir etablert i Aksjesparekontoen.

Gjennom etableringa blir det og oppretta ein Aksjesparekonto BANK, som blir oppgjerskontoen til Aksjesparekontoen. Denne vil bli synleg i din kontooversikt i nettbanken.

Du må pårekne litt tid i overføringa. Det vil seie at i ein periode (om lag 2 dagar) etter at du etablerer og overfører aksjane dine til Aksjesparekonto, kan du ikkje selje og kjøpe aksjar.

Slik gjer du det:
Logge deg inn i nettbanken, gå til VPS investortenester i menyen til høgre på framsida. Der går du på valet Aksjesparekonto, opprett konto.  NB: Du må signere kontoavtalen med BankID 

Spørsmål? Kontakt ein av rådgjevarane våre

Les meir på aksjenorge.no


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00