aksjesparekonto

Sparebanken Sogn og Fjordane vil tilby ei todelt løysing, som gjer at du som kunde kan få ein Aksjesparekonto (ASK) for fond og ein for aksjar. No kan vi tilby ny Aksjesparekonto, men førebels berre for aksjar. Du må ha ein eigen Aksjesparekonto for fond, og den tilbyr vi seinare i haust.

Fordelane med Aksjesparekonto:

  • Gunstig overgangsregel i 2017: Flytt dine eksisterande aksjefond og enkeltaksjar inn på Aksjesparekonto utan at det utløyser skatt
  • I Aksjesparekontoen kan du kjøpe og selje aksjar og aksjefond utan å betale skatt på gevinsten der og då (utsett skatt)
  • Du kan når som helst ta ut innbetalt beløp utan å skatte. Først når du tar ut gevinstar frå Aksjesparekontoen, blir du skattlagd
  • Handle i børsnoterte aksjar, egenkapitalbevis, aksjefond og børshandla fond 

Aksjehandel - Aksjesparekonto

Sjå meir her korleis du opprettar slik konto.

Link m/video til Aksje Norge sine sider om Aksjesparekonto: http://aksjenorge.no/aksjesparekonto/

Kven passar Aksjesparekonto for?
Kontoen er ikkje berre for avanserte aksjehandlarar, men passar også for deg som har aksjar, aksjefond eller eigenkapitalbevis, eller har planer om å starte langsiktig sparing.

Fondshandel - Aksjesparekonto:

I oktober vil SSF tilby ei heilt ny fondshandelsløysing. Då vil du kunne bestille ny fondshandelsløysing direkte gjennom nettbanken din. 

Spørsmål? Kontakt ein av rådgjevarane våre  

Sjå og meir om aksjesparekonto på Aksjenorge.no 

Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00