Fastrente passar for deg som ønsker å ha kontroll på kva du skal betale framover.

Slik fungerer Fastrentelån

  • Eit fastrentelån har ei avtalt rente på lånet for ein bestemt periode. Du kan velje mellom 3 år, 5 år eller 10 år bindingstid.
  • Du kan ha fastrente på heile eller delar av bustadlånet ditt inntil 75% av bustadverdien.
  • Du kan ikkje gjere endringar på lånet i avtaleperioden, som å betale inn ekstra på lånet, endre terminbeløp eller ha avdragsfritt lån.
  • Byter du bustad, kan du ta med lånet over til ny bustad.

Fast eller flytande rente?

Vurderer du å binde renta på lånet ditt slik at du får ein meir forutsigbar økonomi? Kunderådgjevar Elisabeth Yvonne Sætren gir deg tips til kva du bør tenke på dersom du vurderer fastrente.
Les Elisabeth sine tips om fastrente

Ting folk lurer på