• Gode vilkår for deg under 34 år
  • Ein fast rådgjevar som er tilgjengeleg for deg
  • Når de er to låntakarar, er det alderen på den yngste som gjeld
  • Du kan låne inntil 85 % av verdien til bustaden.
Lurer du på kor mykje du kan låne, men er usikker på kva du skal kjøpe? Med eit lånebevis kan du gå på visningar trygt vitande om kor mykje du kan legge inn bod på. Lånebeviset er ikkje bindande!

Manglar du eigenkapital?

Med tilleggssikkerheit vil du kunne låne meir enn 85% av kjøpesummen.
Ein kan nytte tilleggssikkerheit i staden for eigenkapital. Med dette meiner vi at t.d foreldre kan stille sikkerheit i bustaden sin for å sikre 15 % eigenkapital. Ta ein prat med rådgjevaren din, så finn de den beste løysinga for deg.

Medlåntakar

Foreldre eller sambuar kan stille som medlåntakar når du skal få lån. Det betyr at vi reknar oss fram til kor mykje du kan få i lån, basert på dykkar samla inntekt. Kontakt rådgjevaren din for å finne ut om dette er ei god løysing for deg og dine.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om lån og bustad

Slik føregår eit bustadkjøp

Kunderågjevar Marit Myklebust Hauge fortel kva banken vurderer når du søker lån, og korleis prosessen med å kjøpe bustad føregår.

Les heile saka
Slik føregår eit bustadkjøp1. august 2023
I landstoppen på kundeoppleving!14. februar 2020