Sambuarkontrakt

Bruk god tid på å fylle ut sambuarkontrakt (sambuaravtale). Den endelege avtala di må sjølvsagt tilpassast individuelle tilhøve. Er de i tvil om kva de bør avtale, kontakt ein jurist eller advokat.

Kva bør vere med?

I tillegg til begge sine namn, bør kontrakta seie noko om :

1. Eigartilhøve til fast eigedom
2. Liste over eigedelar ved avtalestart
3. Liste over felles eigedelar
4. Livsforsikring som er gjensidig, eller teikna på kvarandre
5. Gjeldsansvar og utgiftsdekning
6. Arv, gåver, verdipapir, bankinnskot, avkastningar og verdistigningar
7. Løpande utgifter
8. Eventuell underhaldsplikt
9. Deling ved samlivsbrot

Kvifor sambuarkontrakt ?

For å unngå ein opprivande strid, dersom de skulle gå frå kvarandre. Ei sambuarkontrakt gjer at  de til dømes kan avtale kven som har forkjøpsrett til bustad de eig saman, og til kva for pris.

På internett finn du fleire utkast til gode kontrakter som dekker det ei sambuarkontrakt skal dekke.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00