Lån - ord og uttrykk

Vi har samla ein del vanskelege ord og uttrykk i samband med lånesaker.

Annuitetslån

Annuitetslån betaler du ned med eit fast terminbeløp kvar månad. I starten er avdragsdelen av terminbeløpet liten og rentedelen stor. Etter kvart som du betaler ned på lånet, vert rentedelen mindre og avdragsdelen større.

Serielån

Ved serielån betaler du, i tillegg til renter, eit fast avdrag på lånet kvar månad. Først er terminbeløpet høgare enn ved  annuitetslån, men terminbeløpet vert mindre etter kvart som du betaler ned lånet, fordi rentene vert reduserte. Totale kostnader på serielån er lågare enn på eit tilsvarande annuitetslån.

Nominell rente

Den renta du avtalar med banken og som kjem fram på lånedokumentet.

Effektiv rente

Den nominelle renta + etableringskostnader + terminkostnader. Effektiv rente vert påverka av kor ofte du betaler på lånet, og viser den faktiske prisen på lånet.

Fast rente

Renta blir bunden til ein avtalt sats i tre, fem eller ti år. Banken kan ikkje endre renta i denne perioden, og du er altså «forsikra» mot renteoppgang.

Flytande rente

Rentenivået følgjer marknadsrenta, og med flytande rente kan banken sette opp, eller ned rentesatsen i takt med endringar i rentemarknaden. Du blir varsla to månader på førehand ved auke i lånerenta.

Lånetermin

Dette er den perioden du betaler avdrag for. Vanlegvis betaler du bustadlånet i månadlege terminar, men du kan også velje kvartalsvis, eller halvårlege terminar.

Overkurs

Har du fastrentelån og vil innfri dette før bindingsperioden er gått ut, må du betale  overkurs. Det skjer dersom renta på nytt fastrentelån ligg under fastrenta du har avtalt. Beløpet du må betale er avheng av bindingstida som er att, kor mykje rentenivået har gått ned og kor mykje du betalar ned på lånet. 

Underkurs

Vil du nedbetale eit fastrentelån raskare enn avtalt, og rentenivået på nytt fastrentelån har gått opp, vil det bli underkurs på lånet, og du får rentegevinsten. Beløpet du får utbetalt er avhengig av bindingstida, kor mykje rentenivået har gått opp og kor mykje du betalar ned på lånet.

Innfriing
Lån blir avslutta ved å sende epost til innfri.lan@ssf.no . Når eit lån er innfridd, blir evt. pant sletta, og innfriingssummen rekna ut.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00