Vi er her for bedrifta di

Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere til stades for kundane sine. Får bedrifta di utfordringar, ta kontakt med oss!

Spreiinga av koronaviruset er ei stor utfordring for næringslivet, og vi alle er bekymra for verknadane dette får for økonomien framover. At mange bedrifter er uroa for dette, har vi stor forståing for.

Vi er vårt ansvar bevisst som finansiell medspelar. For kundane våre som får utfordringar er det viktig med tidleg og tett dialog med oss. Ta kontakt med kunderådgjevaren din i banken, slik at aktuelle tiltak kan avklarast. Aktuelle løysingar kan vere avdragsfritak på lån og midlertidige kredittar.

Som nemnd er kunderådgjevarane klare til å hjelpe, og det same gjeld Bedriftssenteret vårt som du treff på telefonnummeret 57 82 97 00 og e-post bedrift@ssf.no.

På grunn av spreiinga av koronaviruset ønskjer vi at denne dialogen går over telefon eller e-post, og fysiske møte vil berre skje etter avtale.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00