Her finn du ein del spørsmål og svar om legitimasjon.

Kvifor er legitimasjonskrava blitt strengare?
Legitimasjonskravet er skjerpa både i Norge og internasjonalt. Med oppdatert informasjon er du betre beskyttet mot ID-tjuveri, svindel og andre former for økonomisk kriminalitet. Dette betyr ikkje at vi mistenker kundane våre, men oppdatert legitimasjon er nødvendig for å tilfredsstille kravet frå myndigheitene.

Kva er gyldig legitimasjon?
Vi aksepterer pass som gyldig legitimasjon. Dette er gyldige pass: Norsk pass, utanlandsk pass, norsk utlendingspass og reisebevis for flyktningar med RFID.

Vi aksepterer også førarkort for kundar etablerte før 1. mars 2007.

Kvar kan eg legitimere meg?
Det enklaste er å ta med passet ditt og ta turen innom eit av bankkontora våre.  Sjå opningstider på kontora våre her. Bur du langt unna, kan du nytte PUM-teneste. Ta kontakt med kundesenter for å bestille PUM (Personleg utlevering mottaksbevis).

Kvifor må eg oppdatere legitimasjon, sjølv om eg har vore kunde her lenge?
Etter kvitvaskingslova§ 12 må banken innhente og bekrefte opplysningar om alle våre kunder. Sjølv om vi kjenner mange av kundane våre godt, må vi oppdatere din kundeidentitet hos oss.

Meir info finn du på: finanstilsynet.no/forbrukerinformasjon/Hvitvasking/

Kva skjer dersom eg ikkje oppdaterer legitimasjonen min?
Dersom du ikkje oppdaterer din kundeidentitet med gyldig pass hos oss, kan konsekvensen bli at kontoen din blir sperra for uttak inntil vi har registret oppdatert legitimasjon på deg.

Kvifor har andre eg kjenner ikkje blitt spurt om dette?
Nokre kundar er allereie legitimerte, og i tillegg jobbar vi med å nå ut til alle med denne informasjonen.

Kontoen min er sperra. Kva gjer eg?
Dersom du har fått beskjed om at kontoen din er sperra, må du kome innom eit av kontora våre med gyldig pass, eller kontakte oss på telefon 57 82 97 00. eller send epost til Kundesenter.

Kva gjer eg når eg ikkje har gyldig legitimasjon?
Då må du kontakte Kundesenteret vårt.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00