Oppdatere legitimasjon

Vi har tatt kontakt med deg som er kunde hos oss for å oppdatere legitimasjonen din. Ei ny lov stiller strengare krav om gyldig legitimasjonsdokument for kundar. Her får du meir informasjon om kva du må gjere, og litt om bakgrunnen for desse oppdateringane. Frist: før 1.11.2019.

Det enklaste er å ta med passet og møte opp i eit av kontora våre, slik at vi kan registrere opplysningane om deg. Sjå utvida opningstider i kolonna til høgre.

Dersom det er upraktisk, eller du bur for langt unna, så kan du fylle ut skjema for oppdatering her og sende det med vedlegg til oss. 

Vi har for tida mange som kontaktar banken om legitimasjon, så vil du unngå ventetid, er tida før 11 og etter 13 den beste. Behandlingstida for innsende skjema er for tida ei veke. Vi oppmodar deg om å registrere godkjent legitimasjon i god tid før fristen.  

NB! Frist for oppdatering av legitimasjon er 1.november 2019. Dersom vi ikkje har fått inn godkjent legitimasjon frå deg innan fristen, kan vi måtte sperre kontoane dine fram til vi har registrert godkjent legitimasjon på deg.

Disponerer du ein konto sjølv, eller på vegne av andre personar, eller selskap er du kunde. Dersom du meiner at du ikkje gjer det, så send ein melding til vårt kundesenter så vil dei ta kontakt.

Informasjonen du deler blir behandla konfidensielt i samsvar med banken si teieplikt.

Takk for at du legitimerer deg på nytt hos oss. På den måten kan vi forsikre oss om at din kundeidentitet er rett!

Sjå meir om dei vanlegaste spørsmål og svar om legitimasjon her. 

Kvifor må finansnæringa stille spørsmål? - Sjå informasjon frå Finanstilsynet her.

pass

Utvida opningstid i bankkontor

Vi utvidar opningstida for å ta imot gyldig legitimasjon. 
Sjå tid og stad - vil bli utvida etterkvart:

Førde: Alle kvardagar 08.00-15.00
I tillegg : 17. og 24.10.
kl. 08.00-18.00
laurdag 19. og 26.10.
kl. 10.00 - 14.00
28.-31.10. kl.07.00-18.00

Florø: 17. og 24.10.
kl. 10.00-19.00

Bergen: 17. og 23.10.
kl. 10.00 - 18.00

Dale: Alle kvardagar 8.00-15.00
I tillegg 15.og 17.
08.00 - 18.00
søndag 20.10: 16.00-19.00
torsdag 24.10: 08.00-19.00

Sogndal: 24.10.
kl. 10.00 - 19.00

Stryn: 17.10.
kl.10.00 - 19.00.

Sandane: 16.10.
kl.10.00 - 19.00

Eid: 17.10.
kl.10.00 - 19.00.

Eivindvik: 24.10.
kl.15.00 - 19.00

Solund: 24.10.
kl.15.00 - 19.00

Høyanger: 28. og 29.10
kl. 10.00 - 18.00

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00