Krav om gyldig legitimasjon

For deg mellom 15 og 17 år: Legitimasjonen din som er registrert hos oss er ikkje lenger gyldig etter gjeldande nasjonale krav og må derfor oppdaterast. Vi har utsett fristen for å oppdatere gyldig legitimasjon frå 1. november til 22. november 2019. Dersom du ikkje har vist passet ditt innan fristen, kan kontoen din dessverre bli sperra, og du vil då ikkje lenger få tilgang til kontoen din, før vi har registrert oppdatert pass på deg.

Kvifor er det slik?
Du er registrert som kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. For at du framleis skal kunne bruke kontoen din her hos oss, er vi pålagt å hente inn og kontrollere legitimasjonen din. Dette er eit nasjonalt krav alle bankar har. 

Kva gjeld som gyldig legitimasjon?
Vi aksepterer berre pass som gyldig legitimasjon.

Kva må du gjere?
Dersom du har eit Sparebanken Sogn og Fjordane-kontor i nærleiken, kjem du innom eit av kontora med gyldig pass. Passet kan ikkje vere gått ut på dato.

Dersom det er vanskeleg for deg å kome innom med  pass innanfor opningstida vår, tek du kontakt med kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00 og avtalar eit tidspunkt som passar.

Dersom du ikkje kan møte i eit av kontora våre, kan du lese meir om alternativa
 ved å klikke her.

Spørsmål?
Har du spørsmål vil vårt døgnope kundesenter hjelpe deg. Du treff oss på telefon: 57 82 97 00 eller e-post: kundesenter@ssf.no. Du kan lese svara på dei mest stilte spørsmåla her.

Takk for at du legitimerer deg på nytt hos oss. På den måten kan vi forsikre oss om at kundeidentitet din er rett.

Dersom du nyleg har oppdatert legitimasjonen din, kan du sjå vekk frå denne meldinga.

Med gyldig pass kan du også få BankID
BankID er den digitale legitimasjonen din. Dersom du for eksempel ønskjer å bruke Vipps treng du BankID før du kan opprette Vipps brukarprofil. Du kan få BankID ved å kontakte oss.

pass

NB! Hugs fristen 22.11.2019.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00