Legitimasjon for barn

Kjekt at barnet ditt er kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. Alle bankar er pålagt å ha gyldig legitimasjon på kundane sine. For mindreårige gjeld kravet når den mindreårige skal få disposisjonsrett til produkt eller teneste (som regel brukskonto og kort).

Kva gjeld som gyldig legitimasjon?
Vi aksepterer pass og BankID som gyldig legitimasjon for mindreårige.

Mindreårige 8-12 år:

  • Pass

Mindreårige 13-18 år

  • Pass
  • Bank ID (fom 13 år).

Kva må de gjere?
Dersom de har eit Sparebanken Sogn og Fjordane-kontor i nærleiken, kjem de innom eit av kontora med gyldig pass. Dersom det er vanskeleg for dykk å kome innom med pass innanfor opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.

 

pass

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00