Spørsmål om din bruk av banken

Bankar er pålagt å hente inn opplysningar frå kundane våre om korleis de har tenkt å nytte banken. Det må vi gjere før du blir kunde i banken, i tillegg til at banken jamleg må oppdatere denne informasjonen. Difor vil også du som har vore kunde hos oss i mange år, få same spørsmåla.

Bakgrunnen for dette er regulert i kvitvaskingslova.

Du vil difor oppleve å få nokre spørsmål når du loggar deg inn på nettbanken. Spørsmåla som blir stilte, og som du lyt svare på, skal gje banken oversikt over korleis du har tenkt å bruke banken det neste året.

Felles reglar for alle
Alle banker er underlagt det same regelverket og uavhengig av kva bank du bruker, må du svare på tilsvarande spørsmål.

Kva må du svare på?
Vi spør blant anna om bruken av banken, kvar pengane dine kjem frå, statsborgarskap og fødeland. Nokre kundar vil også bli kontakta fordi vi treng å oppdatere informasjon om legitimasjon.

Noko du lurer på?
Om de treng informasjon kring nokre av spørsmåla så ta gjerne kontakt med vårt kundesenter som er tilgjengeleg heile døgnet  (57 82 97 00), eller ta kontakt med din kunderådgjevar.

Korleis blir du kontakta?
Du som har nettbank, vil få opp spørsmåla når du loggar deg på i nettbanken din. Ellers vil du få ein epost, eller eit brev i posten der du kan fylle ut skjemaet.

Her finn du kunderklæringsskjemaet om du vil printe det ut på nytt.

All informasjon vi får frå deg i denne samanhengen blir behandla konfidensielt i samsvar med banken si teieplikt, og vil ikkje bli brukt til andre føremål som til dømes marknadsføring.

 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00