Nb! HUGS flytting til aksjesparekonto utan skatt

Du som sparer langsiktig i aksjar og aksjefond kan flytte desse inn i aksjesparekonto. Du kan gjere det frå mobilen din, og det tar under to minutt.

Kva er ein Aksjesparekonto?

Aksjesparekonto er ei spareordning der du kan samle aksjane og aksjefonda dine. I ein aksjesparekonto kan du kjøpe og selje aksjefond og børsnoterte aksjar, utan å betale skatt av gevinsten der og då (utsett skatt).

To aksjesparekontoar
NB! Har du både aksjar og aksjefond, må du ha ein konto for aksjar og ein for aksjefond.

Sjå meir om Aksjesparekonto. 

Overgangsordning i 2019

Då aksjesparekonto blei lansert som spareordning, vart det også innført ei overgangsordning for å flytte eksisterande behaldningar av aksjar og aksjefond inn på aksjesparekontoen. Denne ordninga gjeld ut 2019

Så enkelt gjer du det med aksjefond:

1. Logg inn i mobilbanken, klikk på Fondshandel i menyen. I nettbanken vel du Aksjesparekonto FOND i BESTILL-menyen til høgre.

2. No er du inne i fondsportalen og kan trykke på valet Opprett/flytt til Aksjesparekonto.

3. Dersom du har aktive spareavtalar så må du flytte desse over på din nye aksjesparekonto.  Dette gjer du ved å slette dei avtalane du har og legge dei opp på nytt. Du finn denne funksjonen under «Mine spareavtalar» nedst på sida.

Lukke til!

Opprett aksjesparekonto for aksjar :

Då må du følgje ei litt anna sløyfe via VPS, men den finn du også i nettbanken under VPS, eller Aksjesparekonto AKSJE i BESTILL-menyen . Sjå meir her.

 

Spørsmål? Kontakt ein av rådgjevarane våre

   

aksjespare


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00