Saman må vi vere med på dugnaden

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er med på dugnaden mot koronaviruset. Her kan du lese om tiltaka våre, blant anna 2 renteendringar.

Vi i banken ønsker å vere til stades for deg som kunde, og det skal vi sjølvsagt halde fram med. Vi set stor pris på alle kundane våre som kjem innom oss i banken, men framover ønsker vi at kontakten med deg først og fremst skjer på andre måtar.

Renta ned for andre gong
Vi har bestemt oss for å framskunde rentekutt for å hjelpe kundane i ei krevjande tid.

No blir lånerenta sett ned med inntil 0,50 prosentpoeng, og det er inntil 0,85 prosentpoeng nedgang til saman på ei veke. Ny rente på nye lånekunder gjeld frå 27.3. og frå 06.04. for eksisterande lån.   Sjå meir her.

Opne kontor, men lukka dører

No må vi alle bidra til ein felles dugnad mot koronaviruset, og i tida framover vil det vere lukka dører ved alle våre kontor. For hjelp til dine spørsmål ber vi deg om å kontakte oss via nettbanken eller på telefon 57 82 97 00 og e-post kundesenter@ssf.no.

Rådgjevaren din er også tilgjengeleg på telefon som før, og klar til å hjelpe deg dersom du treng det.

Veldig mykje kan også ordnast i mobilbanken (last ned her om du ikkje har).

Er du derimot nøydd å stikke innom banken, ber vi om at du ringer oss på førehand og avtaler. Men vi ber deg som har vore i risikoområda, har luftvegssymptom eller blitt bedt av myndigheitene om å sitte i karantene, om å utsetje bankbesøket til seinare.

Som sagt, vi er tilgjengeleg både på telefon og e-post. Vi håpar at du har forståing for desse tiltaka. På denne måten bidrar vi saman mot spreiing av viruset.

Opningstider

Kundesenteret er ope måndag-torsdag 08.00 - 21.00 og fredag 08.00 - 15.30. Utanfor desse opningstidene har vi eit døgnope sentralbord. Telefonnummeret er 57 82 97 00.

Har du bustadlån hos oss?

Vi ser at koronaviruset rammar langt fleire enn berre dei som blir smitta, og permitteringar og oppseiingar kan komme som ein konsekvens av dette.

Dei fleste i Norge i dag har gjeld knytt til bustaden sin. Om ein skulle hamne i ein situasjon der ein står utan inntekt for ein periode, kan bustadlånet bli vanskelegare å betene enn tidlegare. Vi ønsker å hjelpe dei av bustadlånkundane våre dette gjeld. Ta kontakt med rådgjevar!

Elles har vi i banklokala våre har vi også hengt opp plakatar og lagt ut skjerminfo med følgande informasjon:

  • Unngå direkte kontakt i form av handhelsing og klemming.
  • Host eller nys i armkroken eller i eit papirtørkle som du kastar etterpå.
  • God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunke vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogeleg. Dersom hendene er synleg skitne eller våte, har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør derfor vaskast med såpe og vatn.

    Kjelde: fhi.no

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00