Nytt om aksje- og fondshandel

Stortinget har vedtatt at privatpersonar skal få moglegheit til å spare og investere på lik linje med dei som har investeringsselskap. Dette skjer gjennom ein Aksjesparekonto. Dette kan SSF tilby deg som kunde i vår bank.

Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr ei todelt løysing, som gjer at du som kunde kan få ein Aksjesparekonto (ASK) for fond og ein for aksjar.

Aksjehandel - Aksjesparekonto

  • For deg som handlar aksjar skal du framleis bruke den eksisterande løysinga via DNB
  • Denne løysinga vil vere på plass i starten av september.

Sjå meir om Aksjesparekonto aksjar her.

Bestill Aksjesparekonto for aksjar
Logg deg på i nettbanken og bestill ny Aksjesparekonto for aksjar i menyen til høgre. ved å klikke på knappen VPS Investortjenester. 

Link m/video til Aksje Norge sine sider om Aksjesparekonto: http://aksjenorge.no/aksjesparekonto/

Fondshandel - Aksjesparekonto:

I oktober vil SSF tilby ei heilt ny fondhandelsløysing. 

  • Tilgang til Aksjesparekonto, sjå faktaboks
  • I denne løysinga vil du få ei ny og vesentleg betre oversikt over dine fond  i Nettbanken
  • Du vil få full oversikt over barna dine sine fond.
  • Du vil få fleire fond å velje mellom
  • Samla rapportering og årsoppgåve
  • Til orientering: Utan ditt samtykke kan vi dessverre ikkje levere same service og oversikt over dine fond i framtida

Sei ja til ny fondsløysing
Du kan allereie no godta ny fondshandelsløysing. Når du loggar på i nettbanken får du opp ei ny side med info. om fondsløysing, der du seier ja eller nei til løysinga.

Sjå meir om ny fondshandelsløysing her.

Spørsmål? Kontakt ein av rådgjevarane våre.

 

 

 

  

  

 

Fakta om aksjesparekonto:

  • -  for privatpersonar
  • -  utsett skatt
  • -  ta ut investert beløp utan å skatte
  • -  ingen ekstra kostnad til kontoen
  • -  overgangsordning til 31.12.17

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00