Barne- og ungdomsforsikringa dekker både sjukdom og ulykke, og inneheld ei god uføreforsikring. Du kan teikne forsikringa frå barnet ditt har fylt tre månader og opp til 16 år. Vi anbefaler å søke om denne så tidleg som mogleg.

Kva dekker barne- og ungdomsforsikringa?

Alle kan bli ramma av ulykker og alvorleg sjukdom. Om noko skulle skje med barnet ditt, kan dette gi store økonomiske konsekvensar i framtida.
Barne- og ungdomsforsikringa dekker både ulykke og sjukdom, og varer ut året den som er forsikra fyller 26 år. Forsikringa går automatisk over til Uførepensjon og Livsforsikring 1. januar det året ein fyller 27 år.
Eg ønsker forsikringsrådgjeving

Kvifor barneforsikring?

– For dei fleste er det sjølvsagt å forsikre dei materielle verdiane som bil, bunad og hus, men mange unnlet å forsikre det mest dyrebare vi har, nemleg barna våre.
Forsikringsrådgjevar Toril Haugen gir deg gode svar på kvifor barneforsikring er så viktig.
Les Toril sine forsikringstips

Ting folk lurer på