Bruk banken enkelt, effektivt og trygt heile døgnet. Ein konto med nettbankavtale og ei kodebrikke er alt du treng. Når du blir kunde hos oss, er nettbanken sjølve «grunnfjellet» for alle våre andre tenester. Nett- og mobilbanken vår er heilt like, så du får tilgang på dei same funksjonane enten du brukar nettlesar eller appen vår.

Bli din eigen banksjef - allereie frå 13 år

Er barnet ditt mellom 13 og 18 år og treng nettbank? Vi tilbyr nettbank til ungdommen din allereie frå 13 år. Sparekontoar vil ikkje automatisk vere synlege for ungdommen, så du som forelder kan vere trygg på at du framleis har kontrollen.
Bestill nettbank til barn
Bestill mobilbank ung

Snakk med oss - frå nettbanken din

No kan du snakke direkte med ein av oss når du er pålogga i nettbanken .
Mellom 8 og 15:30 på kvardagar kan du prate med ein av rådgjevarane våre på Kundesenteret - trygt og enkelt frå nettbanken din.
Les meir om chatten vår

Vise konto frå andre bankar i nett- og mobilbank

Du kan legge til kontoar frå dei fleste andre bankar i nett- og mobilbanken vår.
Logg inn og gå til Meny → Innstillingar → Konto → Vis konto i annan bank.
Du kan også få opp informasjon om studielånet ditt frå Statens Lånekasse.

Ting folk lurer på

Lurer du på kva det kostar?

For betalingar innanfor EU/EØS er delte kostnader einaste alternativ, uansett valutasort.

meirennbank.no om mobil- og nettbank

BankID, BankID-app og mobilbank: Kan du forskjellen?

Les heile saka
BankID, BankID-app og mobilbank: Kan du forskjellen?2. september 2021