BankID

BankID for deg under 18

Er du mellom 13 og 18 år, kan du få BankID eller BankID på mobil hos oss så lenge foreldra dine godkjenner det.

Slik får du BankID
For å få BankID når du er under 18 år, må foreldre/verje godkjenne bestillinga. Kontakt Kundesenteret vårt på tlf. 57 82 97 00, eller epost til Kundesenter@ssf.no for å starte prosessen.

Kva er BankID?
BankID er ein elektronisk legitimasjon der du kan identifisere deg på nettstader og sette din personlege, elektroniske signatur på dokument og avtaler.
Vi tilbyr også BankID på mobil.

BankID blir laga av bankane i Norge og kan brukast til elektronisk identifisering og signering på Internett. BankID kan brukast i alle norske nettbankar. BankID kan òg nyttast til ei rekkje offentlege tenester som til dømes Alltin.no, NAV.no, helsenorge.no og skatteetaten.no.

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00