BankID er din personlege og elektroniske signatur. Den består av fødselsnummer, kode frå app eller kodebrikke og eit personleg passord. Kodar og passord skal du ALDRI dele med nokon.

Slik får du BankID

1
2
3

Kva er BankID?

BankID er ein digital legitimasjon og signatur. Du kan bruke BankID i alle norske nettbankar og på ei rekke offentlege tenester som Altinn, NAV og Skatteetaten. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.

Utfasing av BankID på mobil

BankID på mobil blir fasa ut til fordel for BankID-app. Det vil ikkje lenger vere mogleg å bestille BankID på mobil. Det betyr at dersom du får ny telefon, bytter abonnement, eller skiftar SIM-kort, vil du miste tilgangen til BankID på mobil.

Sikker bruk av BankID:

Mistenker du at du har blitt svindla?

Ring oss på 57 82 97 00 så fort som mogleg!
Du kan også ringe i helger og utanom våre vanlege opningstider. Vi skal prøve så godt vi kan å stoppe svindelen. Jo fortare du ringer, jo raskare kan vi kome i gang.
Les meir om korleis du kan unngå å bli svindla

Ting folk lurer på