Sperre kort

Har du mista kortet ditt, kan du raskt sperre det i mobilbanken din. Du kan også ringe banken sitt kundesenter på telefon (+47) 57 82 97 00. Vi har alltid ope.

Sperre bankkortet ditt
Det gjer du raskt og greit i mobilbanken under Mine kort. Vel kortet du vil sperre, og bla nederst på sida. Der finn du valet Sperre kort.

Regionsperre
Når du vel Regionsperre under Kort i nettbanken, kan du sperre kortet ditt for bruk i land/regionar som du ikkje oppheld deg i. Då reduserer du risikoen for at kortet ditt blir misbrukt. Skal du ut å reise, så opnar du for bruk i den regionen du skal til.

Du kan og endre regionsperre i Mobilbanken under valet Kort i menyen og deretter Regionsperre.

Nødkontantar
Sperretenesta hjelper deg med nødkontantar. Sperretenesta gjer avtale med RIA Financial Services som har kontor i mange land og du får utbetalt pengane på det kontoret som er nærast der du er. Sjå prisliste her. 

Har du spørsmål?
Kontakt Kundesenteret vårt på telefon (+47) 57 82 97 00. Vi har alltid ope.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00