Reklamere på korttransaksjon

Har du handla med VISA- eller MasterCard og du ikkje får vara, eller leverandøren går konkurs, kan du krevje kortselskapet for pengane. Det same gjeld dersom du oppdagar ukjende transaksjonar, er belasta for feil beløp, eller transaksjonar er belasta dobbelt på kortet ditt.

Reklamasjon for Visakort

Ønskjer du å reklamere på Visatransaksjonar, ta kontakt med Evry på

 

Reklamasjon for MasterCard - vel eit av desse skjemaene:

1) Ved mistanke om svindel - ukjende transaksjonar
Skriv ut dette skjemaet, fyll det ut og send det til adressa nedanfor.

2) Ved netthandel betalt med kort og konflikt med seljar
Skriv ut dette skjemaet, fyll det ut og send det til adressa nedanfor.

Viktig info. som du bør får med:Kortnummer (døme 5398 51.....1234)

  • Namn på korthaldar
  • Om kortet er sperra ( Yes/No)
  • Ein enkelt transaksjon (eitt og eitt beløp, ikkje totalsum) Er det mange transaksjonar, og du har kontoutskrift eller transaksjonsdetaljar, kan du skrive totalsum, men signere utanfor kvart beløp på utskrifta.
  • Skjemaet må underskrivast med Stad/dato og førnamn og etternamn.

 

Send det utfyllte skjemaet:

  1. Scann skjemaet og send på e-post til  reklamasjonsservice@ssf.no
  2. til Sparebanken Sogn og Fjordane, v/ Reklamasjonsservice, Postboks 113, 6801 Førde

 

Vi vil behandle reklamasjonen så raskt som mogleg.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00