Kontaktlause kort

Vi tilbyr bankkort med mulegheit for kontaktlaus betaling. Har du kontaktlaust kort treng du ikkje å taste kode eller å stikke kortet inn i betalingsterminalen ved kjøp inntil 400 kroner.

 Her er symbolet for kontaktlaus betaling. Du finn dette både på kort og terminalar.

Slik betaler du kontaktlaust 
Før kortet inntil kontaktlausmerket på terminalen. Når du høyrer eit pip, er betalinga utført. Sjå video som viser korleis du gjer det.

NB! For å betale kontaktlaust, må betalingsterminalen vere opna for denne funksjonaliteten. Då har den ein logo som illustrerer eit elektronisk signal, det same merket som er trykt på dei kontaktlause bankkorta (sjå symbol ovanfor). Stadig fleire terminalar opnar for dette no.

Med jamne mellomrom vil du måtte taste PIN-koden for beløp under 400 kr. Du kan alltid betale kontaktlaust uavhengig av beløp ved å taste PIN-koden.

Bestille nytt kort
Når Visakortet ditt blir fornya, får du automatisk nytt kort med Kontaktlaus- funksjonen. Vil du ta det i bruk no, må du bestille nytt kort:

Bestiller du ei ekstra fornying av kortet ditt no, for å få den nye funksjonen,blir det ein tilleggskostnad. Sjå prisliste - Rebestilling av kort.

Dei kontaktlause korta kan sjølvsagt også brukast på "gamlemåten" om du ønsker det.

Spørsmål?
Her har vi samla spørsmål og svar om kontaktlause kort.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00