Sperre kort - SSF

Sperre kort

Ring banken sitt kundesenter på telefon (+47) 57 82 97 00. Vi har alltid ope. Vi tilrår at du lagrar telefonnummeret på mobilen din.

Regionsperre
Når du vel Regionsperre under Kort i nettbanken, kan du sperre kortet ditt for bruk i land/regionar som du ikkje oppheld deg i. Då reduserer du risikoen for at kortet ditt blir misbrukt. Skal du ut å reise, så opnar du for bruk i den regionen du skal til.

Du kan og endre regionsperre i Mobilbanken under valet Meir og deretter Kort.

Naudkontantar
Sperretenesta hjelper deg med naudkontantar. Sperretenesta gjer avtale med RIA Financial Services som har kontor i mange land og du får utbetalt pengane på det kontoret som er nærast opp til der du er. Tenesta kostar 600 kroner per uttak.

Har du spørsmål?
Kontakt Kundesenteret vårt på telefon (+47) 57 82 97 00. Vi har alltid ope.

Regionsperre

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00
"
"