Reklamere på korttransaksjon

Dersom du har handla med ditt VISA- eller Mastercard og du ikkje får vara, eller leverandøren går konkurs, kan du krevje kortselskapet for pengane. Det same gjeld dersom du oppdagar ukjente transaksjonar, er belasta for feil beløp, eller transaksjonar er belasta dobbelt på kortet ditt.

Reklamasjonsrettane dine gjeld ikkje når du betalar i vanlege betalingsterminalar i Noreg med BankAxept. Dette systemet blir drifta av Nets (bankane sin betalingssentral) og går utanom VISA- og Mastercard-systemet.

Slik reklamerer du på kortbruk - vel eit av skjemaene:

1) Ved mistanke om svindel - ukjende transaksjonar
Skriv ut dette skjemaet, fyll det ut og send det til adressa nedanfor.

2) Ved netthandel betalt med kort og konflikt med seljar
Skriv ut dette skjemaet, fyll det ut og send det til adressa nedanfor.

Viktig info. som du bør får med:

  • Kortnummer ( ikkje kontonummer)
  • Namn på korthaldar
  • Om kortet er sperra ( Yes/No)
  • Ein enkelt transaksjon (eitt og eitt beløp, ikkje totalsum) Er det mange transaksjonar, og du har kontoutskrift eller transaksjonsdetaljar, kan du skrive totalsum, men signere utanfor kvart beløp på utskrifta.
  • Skjemaet må underskrivast med Stad/dato og førnamn og etternamn.

Send det utfyllte skjemaet:

  • til Sparebanken Sogn og Fjordane, v/ Reklamasjonsservice, Postboks 113, 6801 Førde
  • kan også skannast og sendast på e-post til: reklamasjonsservice@ssf.no

Vi vil behandle reklamasjonen så raskt som mogleg.


Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • MÅNDAG-TORSDAG
    kl. 08.00-21.00
    FREDAG
    kl. 08.00-16.00