Spørsmål og svar - utanlandsbetaling

Kva er SWIFT/BIC?
SWIFT/BIC (Bank Identifier Code) er ein kode som identifiserer bankane. Kvar bank har sin unike SWIFT/BIC, som må brukast ved internasjonale overføringar. SWIFT/BIC består av 8 eller 11 karakterar (bokstavar og/eller tall).
SWIFT/BIC til Sparebanken Sogn og Fjordane er SOFJNO22.

Kvar finn eg SWIFT/BIC til mottakar?
Du må kontakte mottakar for å få oppgitt nødvendige opplysningar. På faktura finn du som regel SWIFT/BIC saman med andre betalingsopplysningar.

Kva er bankkode?
Nokre land brukar andre kodar i tillegg til SWIFT/BIC. Ved overføringar til blant anna USA, Canada og Australia må det brukast bankkode.
Bankkoden til USA (FedWire/ Routing number/ ABA/ Clearingnr): FW + 9 siffer.
Bankkoden til Canada (Transit nr): CC + 9 siffer.
Bankkoden til Australia: AU + 6 siffer.

Kva kostnadsalternativ bør eg velje ved overføring til utlandet?
Det er tre alternativ for belastning av kostnader:

  • Delte kostnader. Oppdragsgjevar betalar kostnader i Norge og mottakar betalar kostnadane i utlandet.
  • Oppdragsgjevar betalar alle kostnader i inn- og utland.
  • Betalingsmottakar betalar alle kostnader.

 

Vi tilrår i dei fleste tilfelle å velje alternativ 1, delte kostnader, som i praksis viser seg å gje lågast kostnader både i inn- og utland. Dersom det er  spesifisert på fakturaen din at du skal dekke mottakar sine bankkostnader, må du velje alternativ 2. 

Kva valutasort bør eg velje ved overføring til utlandet?
Som hovudregel bør overføringa sendast i mottakarlandet sin valutasort, dersom banken tilbyr denne. Ved overføring til europeiske land bør du overføre i euro.
Dersom du har mottatt faktura frå den du skal betale til, er det viktig at du vel same valuta og beløp som fakturaen lyder på.

Kva vekslingskurs vil eg få?
Det vert føretatt kurssetting tre gonger dagleg, klokka 10.00, 13.00 og 15.30. Betalingar registrert mellom desse tidspunkta vil få vekslingskurs ved neste kurssettingstidspunkt.
Ver merksam på at kontoen din blir belasta med eit midlertidig beløp, basert ein rettleiande kurs. Når reell kurs er sett blir endeleg belastning føretatt, og midlertidig belastning annullert. Det kan til tider vere store avvik mellom rettleiande og reell belastning, på grunn av svingingar i valutakursane.

Kan eg endre ei betaling til utlandet som er registrert i nettbanken?
Fram til forfallsdato kan betalinga endrast i nettbanken. Ved forfallsdato går betalinga ut av konto, og du kan ikkje lenger gjere endringar i betalinga. Etter dette må du kontakte avdeling for utanlandsbetaling (tlf 57 82 96 60) for å rette opp eventuelle feil eller manglar.

Kan eg sjekke om ei betaling til utlandet er registrert i nettbanken?
Når betalinga er registrert i nettbanken legg den seg i forfallsregisteret. Dersom betalinga ikkje viser i forfallsregisteret eller på siste transaksjonar er den ikkje registrert.

Kvifor er ikkje betalinga trekt frå konto sjølv om forfallsdato er passert?
Grunnen er mest truleg at det ikkje er dekning for betalinga. Kontroller at du har dekning for beløpet du skal betale, inkludert kostnader, og at du har valt riktig belastningskonto.

Kor lang tid tar ei utanlandsbetaling?
Betaling til EU/EØS tar normalt 2 – 4 bankdagar (0 – 2 bankdagar ved hasteoverføring).
Betaling til land utanfor EU/EØS tar normalt 2 – 8 bankdagar.
Til enkelte land kan overføring ta inntil 15 dagar.

Er det typiske svindelforsøk eg må vere merksam på?
Seljarar frå lotteriselskap og liknande, som ber deg overføre pengar innan du mottek premien. Mange selskap som driv ulovlege konkurransar ber deg overføre pengar til dei, men gir deg ingenting i gjengjeld.

Du vert fortalt at du har vunne i eit lotteri, men du må betale skatt eller gebyr før du kan motta pengane.

Du sel varer/tenester og mottek ein sjekk/kvittering på innbetaling via PayPal på meir enn du opphavleg skulle ha, og vert bedd om å sende det overskytande tilbake via pengeoverføring. Valutasjekkar og kvitteringar frå PayPal kan vere forfalska.

Sørg for at du alltid veit kven du sender pengar til. Om du kjøper varer eller tenester er det ditt ansvar å kontrollere seljaren sitt rykte og legitimitet.

Hugs at om du mottek eit tilbod som verkar for godt til å vere sant, er det truleg det!


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00