Skal du leige bustad, må du vanlegvis betale eit depositum på nokre månaders leige. Då kan du opprette ein depositumskonto i namnet ditt. Kontoen kan berre disponerast av deg som skal leige og utleigar i fellesskap så lenge leigeforholdet varer.
For å opprette depositumkonto, må du ha nettbanktilgang. Klikk her for å bli kunde med nettbank.

Slik opprettar du ein Depositumskonto

  • Både utleigar og leigetakar må vere kunde hos oss.
  • Scann signert husleigekontrakt og lagre ein kopi i PDF-format.
  • Fyll ut skjema, last opp kopi av kontrakta og bestill ny konto.
  • Når vi har fått husleigekontrakta, sender vi e-post til både utleigar og leigetakar med link til signeringa. OBS! Hugs å fylle inn e-postadresse i kontrakta.
  • Ved oppretting av depositumskonto må utleigar betale ein etableringskostnad. Er utleigar aktiv nettbank- og kortkunde hos oss kjem dette på 500 kroner, men er han kunde i ein annan bank kostar det 1000 kroner.

Korleis fungerer kontoen?

  • Depositumskontoen opnast i leigetakar sitt namn.
  • Maks summen av seks månaders leige.
  • Kan berre disponerast av leigetakar og utleigar i fellesskap i leigeperioden.
  • Leigar kan krevje at banken utbetaler opptente renter.
  • Når leigeforholdet er over må utleigar sende ein e-post til banken med godkjenning om at pengane kan overførast til leigetakar.

Ting folk lurer på