Lag og organisasjonar

Her finn du all informasjon du treng om du skal opprette ein konto på vegne av lag eller organisasjonar.

Som lag eller organisasjon kan de ha ein lagskonto og/eller ein sparekonto. Lagskontoen er ein brukskonto som kan disponerast med nettbanken din.

Slik opprettar du ein lagskonto

Du kan opprette ein lagskonto med eit organisasjonsnummer tildelt frå Einingsregisteret i Brønnøysundregistera. Du må også ha dokumentasjon frå Einingsregisteret om kven som har signaturrett (kan ikkje vere eldre enn 6 månader).

Hugs at du må vere personkunde for å disponere ein lags- og organisasjonskonto.

Bli kunde lag og organisasjon

 

Vipps gjer kvardagen enklare

Som lag eller organisasjon kan de ha eit eige Vippsnummer for å å enkelt ta i mot betaling frå kundar, utan betalingsterminal. Ønskjer du i tillegg VippsGO kan du opprette ein eigen nettbutikk i appen. Enkelt for deg - enkelt for kunden. Desse produkta kan du bestille sjølv, men avtalen må godkjennast av den som har signaturrett ifølgje utskrift frå Brønnøysundregistera.

Endring av disponent på lagskonto

For endring av disponent må signatur samsvare med organisasjon-/firmaattest i Brønnøysundregistera. Ved skifte av styre, må de registrere endringa i Brønnøysundregistera. Fyll ut dette skjemaet til oss når Brønnøysundregistera er oppdaterte, så kan ny styreformann/signaturberettiga signere på endring av disponent av lagskontoen.

Mindreårige som skal disponere lagskonto

  • Den som har signaturrett og verje skal samtykke til at mindreårige får disposisjonsrett.
  • Dersom kontoen skal knyttast til nettbank, og dette er nettbank til mindreårig, skal verje signere på nettbankavtale.
  • Skal den mindreårige ha kort knytta til konto er det Visa Electron 13-18 år som er gjeldande. Verje må signere kortavtalen.

 

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00