Bedrift/arbeidsgjevar med utanlandske arbeidstakarar

Til informasjon har Skatteetaten frå 2019 innført kjeldeskatt på lønn. Dette er ei forenkla skatteordning for utanlandske arbeidstakarar i Noreg. Dei aller fleste med D-nummer kjem inn under denne ordninga.

I korte trekk går ordninga ut på at arbeidsgjevar trekker 25% skatt på lønna direkte og den tilsette slepp å levere skattemelding for deretter og vente på skatteoppgjer i påfølgande år.

De finn meir informasjon på skatteetaten.no her.  

Dette vil gjere behovet for oppretting av eigen lønnskonto i Noreg mindre, då arbeidstakarane ikkje lenger treng ha norsk konto for lønn og skatt. Mange av våre bedriftskundar nyttar allereie nettbank og mobilbank til å overføre løn direkte til den tilsette sin konto i utlandet. Dette sparar ofte både tid og pengar for tilsett og arbeidsgjevar.

Den tilsette vil då ikkje ha behov for noko bankforhold i Noreg før ho/han eventuelt skal etablere seg på lengre basis. Bankane er då underlagt eit strengt regulativ ved etablering av kundeforhold. Meir informasjon og skjema for opning av nye kundeforhold finn du på banken sine nettsider under Bli kunde – New customer.

Merk at han/ho må:

  • Møte personleg på eit av banken sine kontor i Sogn og Fjordane med gyldig legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde informasjon som fullt namn, fødselsdato, bilete, signatur og nasjonalitet. I praksis betyr det at dei fleste må nytte pass som legitimasjon
  • Vere i stand til å gjere seg forstått. Banken må vere sikker på at kunden forstår dei dokument dei skal signere. I praksis vil dette løysast ved å kunne engelsk eller at kunden har med seg eigen tolk
  • Ha ei fast bustadadresse i Noreg.

I tillegg til punkta over har alle bankar også eit krav om å kartlegge korleis kundane skal bruke banken. I mange tilfelle så er dette openbart, men like fullt har bankane plikt til å hente inn denne informasjonen samt at kunden må signere dokumentasjon på dette.

 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00