Sparebanken Sogn og Fjordane fekk nynorskpris

– Det er stor stas at mållaget ser oss og korleis vi bruker nynorsken. Dette er ei tillitserklæring som vi set veldig stor pris på.
Det seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
– Nynorsken er forretningsspråket vårt. Det har det alltid vore, og det skal det også vere i framtida, seier Teigene.
Målprisen blir delt ut av Sogn og Fjordane Mållag, og leiar i mållaget Hallstein Dvergsdal rosar banken og språkarbeidet.
– Det er flott at Sparebanken ser på nynorsken som naturleg målform. Finansmarknaden er ein bransje der vi elles finn mykje bokmål og engelsk, så det at banken bruker nynorsk på denne måten, er veldig gledeleg, seier Dvergsdal. (Les heile grunngjevinga nedst i saka) 

Viktig å synleggjere nynorsken

– Det er viktig for oss å synleggjere at nynorsk fungerer som eit arbeidsspråk hos ei bedrift av vår storleik og at vi dermed er med å vise at nynorsken absolutt er levande og blir brukt. For viss ikkje vi i Sparebanken Sogn og Fjordane med tilhøyrsle her i gamle Sogn og Fjordane skal bruke nynorsk, kven skal då gjere det?, spør Teigene.
Teigene trekk også fram linken mellom talemålet og skriftspråket:

– Nynorsk ligg nærast opp til korleis vi snakkar her i området. I tillegg ligg hovudkontoret vårt i nynorskbyen Førde. Då er det ikkje anna enn naturleg at vi som regionalbank nyttar nynorsk i vår skriftlege kommunikasjon, både internt og eksternt. 
Teigene får støtte av leiar for marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes, som saman med marknadssjef Gunn Aase Moldestad tok imot prisen på vegne av banken laurdag. 
– Det var kjekt å få møte og ta imot prisen frå Sogn og Fjordane mållag, og få høyre om den viktige jobben dei gjer for nynorsken. Det at dei gjer stas på banken, og at dei meiner vi tar vare på den språklege kulturarven gjer oss stolte, seier Sandnes.

Nynorsk som merkevare

– For oss er det ei sjølvfølge å bruke nynorsk som forretningsspråk. Nynorsken er ein viktig identitetsskapar og er med på å byggje opp under merkevara vår, seier Sandnes.
Ho held fram:
– Vi har eit bevisst forhold til å bruke ein moderne nynorsk og vi ønskjer å vere med å forme språket vidare. Det viktigaste for oss er at vi er tydelege og forståelege i det vi kommuniserer og formidlar. Det meiner vi at vi får best til på nynorsk.
For nokre sidan år sidan lanserte banken ny mobilbank og i fjor kom også nettsidene ut i ny drakt. Alt saman på nynorsk og engelsk.
– Nynorsken følgjer oss også inn på alle digitale flater. Nynorsken kan sjølvsagt gje oss nokre små utfordringar, til dømes googlesøk, men mest av alt gjev nynorsken oss ei konkurransekraft og forsterkar merkevara vår. Vi set stor pris på målprisen, og tek den inn som motivasjon vidare for å bruke og styrke nynorsken, seier Sandnes. 
Her er grunngjevinga frå Sogn og Fjordane Mållag:
Årets vinnar av Målprisen er ei bedrift som svært mange har eit tilhøve til. Denne bedrifta har gjennom generasjonar vore tett på folket i Sogn og Fjordane og har spela ei viktig rolle når det gjeld utviklinga av det tidlegare trivselsfylket.
Årets målprisvinnar er ei stor bedrift med mange tilsette og med mykje kapital i ryggen. Noko av denne kapitalen blir ausa ut som milde gåver til små og store prosjekt innan frivillig arbeid og til å hjelpe fram unge talent, enten det gjeld idrett, kultur eller andre ting.
Det er ikkje heilt sjølvsagt at ei slik bedrift skal nytte nynorsk som sitt forretningsspråk, for i finansmarknaden er det gjerne bokmål og engelsk som rår. Men Sparebanken Sogn og Fjordane, som er årets målprisvinnar, har ikkje gløymt kvar røtene er og nyttar konsekvent nynorsk som sitt forretningsspråk.
Dette syner at banken har teke vare på den språklege kulturarven, at den har godt språk som ein del av identiteten sin og at den har skjønt at nynorsk sel like godt som andre språk.
Dette tykkjer Sogn og Fjordane Mållag er veldig fint og vi ønskjer banken til lukke med Målprisen og god tur vidare på den språklege landevegen.