Rekordresultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

Med solide tal for 2021 er banken godt skodd for framtida. Vi er klare for eit offensivt 2022, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Sparebanken Sogn og Fjordane presenterte rekneskapen for fjerde kvartal 2021 torsdag. Banken har eit resultat før skatt på 827 millionar kroner for året samla, noko som gjev eit totalresultat etter skatt på 666 millionar kroner. Dette er ei auke på heile 223 millionar kroner frå 2020, og er ny rekord for banken.
Eigenkapitalavkastninga er på 12,4 prosent. Driftskostnadene er på 483 millionar kroner og er 8 millionar kroner lågare enn året før.
Vi kan sjå tilbake på eit år med sterk vekst og god kostnadskontroll. Resultatet kjem av god utlåns- og innskotsvekst, reduserte tapsavsetningar og godt resultat på finansielle investeringar. Det er spesielt gledeleg at målretta arbeid med lønnsam vekst og omfattande kostnadstiltak gir ei betydeleg resultatforbetring på den underliggande bankdrifta vår. Eg vil spesielt rette ein stor takk til våre dyktige tilsette, som har levert så gode leveransar i annleistida. Utviklinga i banken hadde ikkje vore mogleg utan gode bidrag frå heile organisasjonen. Vi er godt skodd for nye offensive grep i 2022, og for å vere ein sterk støttespelar for næringslivet i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Næringslivet står støtt

Med 6 av 10 aksjeselskap i regionen på kundelista har banken god oversikt over næringslivet i Sogn og Fjordane, og Teigene har latt seg imponere over omstillingsevna bedriftene har vist under pandemien.
Gjennom det andre året med pandemien, har næringslivet i Sogn og Fjordane vist omstillingsevne med offensive initiativ, og har i stor grad klart seg godt, fortel Teigene.
Han peikar på at enkelte bransjar har vore ramma hardare enn andre, spesielt innanfor reiseliv, restaurantar og kultursektoren.
Ein del bedrifter har opplevd at pandemien har tæra på soliditet og likviditet over tid med stadig vekslande smittevernstiltak. Utfordringar knytt til varetilgang, lengre ventetid på materialar, auka prisar og endra forbrukarmønster har også sett spor. Det at vi er tett på kundane har stor verdi når vi saman må løyse utfordringar for den enkelte, seier han.

Privatkundar med stabil økonomi

Dei siste 12 månadene har utlån til privatmarknaden auka med 6,5 prosent, noko som er over den samla kredittveksten i marknaden. 44 prosent av utlåna til privatmarknaden er utanfor Sogn og Fjordane. Innskota er auka med 6,1 prosent i same periode. Brutto utlån til kundar er på 57,7 milliardar kroner.
Privatkundane har stort sett klart seg godt gjennom pandemien, godt hjelpt av låge renter. Arbeidsløysa i regionen er jamt låg, men det er sjølvsagt privatkundar hos oss som har hatt det tøft under pandemien. Utviklinga i makrosituasjonen med høgare renter, høg straumpris og tiltakande prisvekst kan og råke nokre av privatkundane våre framover. Vi såg i desember at det var ei auke i straumregninga til kundane våre på 78 prosent, fortel Teigene.

Snart bioplast i lommeboka di

Berekraft er eit meir aktuelt tema enn nokon gong, også i banken.
For oss er det viktig å sikre at berekraft skal vere i alt vi gjer, og vi jobbar systematisk med å få det grøne skiftet integrert i alle delar av verksemda vår. Sogn og Fjordane har naturressursar og eit næringsliv som etter vår oppfatning er godt posisjonert for omstillingane vi står ovanfor dei neste åra, og vi må ta ei aktiv rolle, fortel Teigene.
Banken jobbar kontinuerleg med tiltak knytt til eige drift, og vi stiller stadig meir konkrete krav til leverandørar og samarbeidspartnarar. Berekraftfokuset vil kundane også snart sjå igjen i korthaldaren sin.
Vi skiftar no om til meir berekraftige kort, og i løpet av våren 2022 byrjar vi å byte korta våre ut med eit nytt bioplast-kort, som reduserer bruken av plast i korta med 85 prosent. Korta våre er det einaste fysiske produktet vårt, og det er naturleg at vi produserer dette mest mogleg miljøvennleg, seier han.

Tilbake til samfunnet

Eit sterkt resultat gir kraft til å utvikle banken vidare, men er også viktig for å kunne stille opp med finansiering for næringslivet i Sogn og Fjordane. I tillegg forsterkar det banken si samfunnsrolle, fortel Teigene.
I 2021 gjekk det om lag 50 millionar kroner tilbake til samfunnet gjennom sponsor- og gåvemidlar frå banken og eigarstiftingane til banken, Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Eit levande lokalsamfunn treng lys i samfunnshusa, idrettshallar og gründerklynger. Vi er stolte av at ein stor del av overskotet går tilbake til samfunnet rundt oss, i form av gåve- og sponsormidlar til kultur, idrett, helse og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. At banken går godt gjev endå meir tilbake til samfunnet. Vi oppfordrar alle lag og organisasjonar om å søke stiftingane våre om midlar til allmennyttige formål innan fristen 1. mars, fortel Teigene.
Hovudlinjer 4. kvartal 2021 isolert (fjoråret i parantes)
• Netto renteinntekter 250 mill. kr (233 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 63 mill. kr (27 mill. kr)
• Driftskostnader 123 mill. kr (141 mill. kr)
• Tap på utlån 1 mill. kr (inntektsført 1 mill. kr)
• Totalresultat 196 mill. kr (119 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 13,7 % p.a. (9,0 % p.a.)
Hovudlinjer pr. 4. kvartal 2021 hittil i år (fjoråret i parantes)
• Netto renteinntekter 945 mill. kr (907 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 173 mill. kr (114 mill. kr)
• Driftskostnader 483 mill. kr (491 mill. kr)
• Tilbakeført/inntektsført tap på utlån 37 mill. kr (112 mill. kr i tap)
• Totalresultat 666 mill. kr (443 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 12,4 % (8,8 %)
• Kapitaldekningsprosent 19,4 % (18,9 %)