Sparebanken Sogn og Fjordane er best på omdømme tredje året på rad

– Eg er stolt, takknemleg og audmjuk for tilbakemeldingane frå kundane våre, seier Linda Vøllestad Westbye, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

For tredje året på rad er Sparebanken Sogn og Fjordane med i den årlege bransjeundersøkinga til EPSI, som måler kundetilfredsheita for privatkundar i bankbransjen.

Og for tredje året på rad plasserer Sparebanken Sogn og Fjordane seg heilt i toppen. Faktisk heilt øvst når det gjeld omdømme. Banken tronar også øvst på kunderelasjon, som mellom anna ser på kor godt kunden føler seg ivaretatt og om dei får hjelp når dei treng det.

Alle gode ting er tre
Totalt sett kjem banken på andreplass i bransjen, som er den same posisjonen som i 2019 og 2020. Blant alle sparebankane i undersøkinga, er Sparebanken Sogn og Fjordane på topp!

– Det er tredje året på rad at vi er nummer éin på omdømme, og det er vi veldig stolte av. Det siste halvanna året har vore ein veldig spesiell periode, men tilbakemeldingane viser at vi har teke vare på og støtta kundane våre. Det synast eg er veldig gledeleg, seier Vøllestad Westbye.

– Desse tilbakemeldingane gir oss endå større motivasjon til å jobbe hardt på vidare for kundane våre, legg Vøllestad Westbye til.

EPSI viser også gode resultat for dei digitale kanalane. Under kategorien «produktkvalitet» er Sparebanken Sogn og Fjordane nummer to, og innanfor denne kategorien ligg mobilbanken.

– Det er ei veldig kjekk tilbakemelding, og det betyr ekstra mykje sidan vi har utvikla mobilbanken sjølv, seier Vøllestad Westbye.

– Tilbakemeldingane frå kundane betyr mest
Av andre gode resultat er banken nummer to på lojalitet, tillit og kor innovativ og nytenkande banken er.

– Dette er rett og slett fantastisk kjekt! Tilbakemeldingane vi får frå kundane er dei som betyr mest for oss. Det er jo nettopp dei vi jobbar for. Dette gjer meg veldig stolt på vegner av alle dei dyktige tilsette vi har i banken, seier administrerande direktør Trond Teigene.
EPSI si eiga pressemelding, i tillegg til heile rapporten, kan du finne du her.