Finanstilsynet opprettheld gebyr

Den 10. og 11. mars 2020 gjennomførte Finanstilsynet eit tilsyn på Sparebanken Sogn og Fjordane si etterleving av kvitvaskingslova med tilhøyrande forskrifter.
Finanstilsynet varsla i februar 2021 i ein foreløpig rapport eit administrativt overtredelsesgebyr på 14 millionar kroner for mangelfull etterleving av kvitvaskingslova. I dag, 15. november 2021, har Finanstilsynet publisert endeleg rapport i same sak, som stadfestar dette gebyret. Sparebanken Sogn og Fjordane har kostnadsført heile gebyret i rekneskapen for 2020.

Finanstilsynet kjem med kritikk av banken si etterleving av kvitvaskingsregelverket på tilsynstidspunktet i mars 2020, og gjev gebyret på grunnlag av det. Rapporten har ikkje lagt til grunn at kvitvasking har funne stad eller at banken har medverka til kvitvasking.

Sparebanken Sogn og Fjordane tar myndigheitene sin kritikk på høgste alvor. Då den foreløpige rapporten kom tok banken straks grep for å møte kritikken og har gjort ei rekke konkrete tiltak og investeringar for å sikre etterleving av regelverket. Banken har blant anna styrka bemanninga innanfor området, gjennomført nye risikovurderingar og innarbeidd dette i risikoklassifisering og transaksjonsovervaking, revidert alle eksisterande rutinar og utarbeidt nye rutinar. Det er gjennomført eit omfattande opplæringsprogram for styret, leiing og alle tilsette.

Finanstilsynet skriv at dei merker seg at det etter tilsynet er gjennomført eller iverksatt tiltak for å betre etterlevinga. Finanstilsynet understrekar likevel at det er situasjonen på tilsynstidspunktet i mars 2020 som ligg til grunn for vedtaket om overtredelsesgebyr, noko banken er inneforstått med. Tilsynet har no avslutta sitt arbeid med rapporten, men Sparebanken Sogn og Fjordane fortset arbeidet med å styrke eigen etterleving av kvitvaskingsregelverket. Styret og leiinga vil ha fullt fokus på kontinuerleg forbetring på dette området.