Godt resultat og sterk vekst i utlån til næringslivet

15.08.2019
Sparebanken Sogn og Fjordane opplev sterk utlånsauke til næringslivet. – Det viser optimisme i regionen, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Samla sett viser tala frå årets andre kvartal eit godt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane. Låge utlånstap, god vekst i netto renteinntekter og eit godt resultat frå finansielle investeringar, gjer til at totalresultatet til no i 2019 er på 243 millionar kroner.
Det er opp 23 millionar frå same periode i fjor.

– At vi leverer gode resultat, er svært gledeleg for oss. Vi er veldig nøgd med at vi vinner kampen om kundane og er konkurransedyktige, både i privat- og bedriftsmarknaden, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
God utlånsvekst
Teigene nemner spesielt næringslivet, der det har vore høg aktivitet i andre kvartal. Dei siste tolv månadane har banken hatt ein utlånsvekst på 700 millionar kroner til næringslivet i fylket.
–Dette viser både framtidsoptimisme, men og at det no blir investert med utgangspunkt i gode økonomiske resultat bakover i tid, meiner Teigene.
– Med 12,6 milliardar i utlån til bedriftene har banken styrka sin posisjon som leverandør av finansielle tenester i Sogn og Fjordane, legg han til.
Auke i landbrukssektoren
Ei av næringane som viser god utvikling, er landbrukssektoren. Her har utlånsveksten auka med over ti prosent, eller 140 millionar kroner, siste tolv månadane.
– Landbruk er ei viktig næringsgrein for området vårt. Den er på mange måtar ein stabiliserande faktor når det gjeld busetnad og folketal, seier Kjetil Bjørset.
Han er direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Banken har rundt 40 årsverk som jobbar direkte med næringskundar i Sogn og Fjordane. Dette breie og spesialiserte kompetansemiljøet er mykje av forklaringa på at banken leverer så gode resultat, avsluttar Bjørset.
No kan du søke om midlar
Gode resultat gir meir tilbake til lokalsamfunna i fylket. Kvart år går delar av overskotet til banken tilbake som gåver til samfunnsnyttige føremål. Gåvene vert gitt av eigarstiftingane våre, Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og frå banken sjølv.
Om lag 45 millionar kroner av banken sitt overskot blir i år gitt som gåver, og fram til og med 1. september kan ein søke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om midlar til samfunnsnyttige tiltak.
– Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, og det at kundane ser igjen kundeforholdet i konkrete og relevante tiltak for dei, er viktig for oss. Så eg oppfordrar lag og organisasjonar som ønskjer midlar om å søke, seier Trond Teigene.
HOVUDLINJER 2. KVARTAL 2019 (HITTIL I ÅR)
• Netto renteinntekter 450 mill. kr (421 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 50 mill. kr (32 mill. kr)
• Driftskostnader 241 mill. kr (220 mill. kr)
• Tap på utlån 9 mill. kr (14 mill. kr)
• Totalresultat 243 mill. kr (220 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 10,4 % p.a. (10,2 % p.a.)
• Kapitaldekningsprosent 18,2 % (17,9 %)
Tala i parentes er frå andre kvartal i 2018.