Sterk vekst og god resultatutvikling i Sparebanken Sogn og Fjordane

06.05.2021
Bustadprisane i regionen aukar meir enn landssnittet. Det viser ferske tal frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Torsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane tala sine for 1. kvartal 2021. Totalresultatet etter skatt for 1. kvartal er på 123 millionar kroner, mot 12 millionar kroner for 1. kvartal i fjor. Resultatet gir ei eigenkapitalavkastning på 9,1 prosent.
– Resultatframgangen skuldast primært reduserte avsetningar til tap med 9 millionar kroner mot 80 millionar kroner i tapsavsetningar for 1. kvartal i fjor. Dei høge avsetningane i 1. kvartal i fjor var med utgangspunkt i stor usikkerheit grunna koronapandemien, men utsiktene har gradvis betra seg det siste året, forklarer Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Vidare er det eit betre resultat frå finansielle instrument med 14 millionar kroner, mot eit tap på 49 millionar kroner i tilsvarande kvartal i 2020. Det er også ei god utvikling i inntekter frå forsikring og spareprodukt, medan inntekter frå betalingsformidling er noko lågare.
Korrigert for avsetning knytt til nedbemanning, er kostnadane redusert med 4,6 prosent i forhold til 1. kvartal i fjor.
God vekst i utlån og innskot
Det er høg aktivitet både mot privat- og bedriftsmarknaden. Dei siste 12 månadane har utlåna til privatkundar auka med 7,2 prosent, medan utlåna til bedriftsmarknaden har auka med 5,0 prosent i same periode. Banken har også ein sterk innskotvekst på samla 7,2% frå privat- og bedriftskundar.
– Det er svært gledeleg at banken står seg godt i konkurransen om bustadlånkundane, og leverer ein utlånsvekst som er over veksten i marknaden. Den gode veksten i innskot og utlån bidreg positivt til rentenettoen og er med og delvis kompensere for effekten av den pressa rentemarginen bankane har fått som følgje av ei styringsrente på null, fortel Teigene.
Høg bustadsprisvekst i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har hatt ein høg gjennomsnittleg vekst i bustadprisar dei siste 12 månadane på 10,6 prosent. Tilsvarande vekst på bustadprisane for landet totalt er i same periode 10,2 prosent.
– Aktiviteten i bustadmarknaden er høg, og hittil i år er det seld 10 prosent fleire bustader i Sogn og Fjordane enn snittet for tidlegare år. Prisveksten siste 12 månadar er over både Bergen og Stavanger. Til no i år har vi auka utlån til bustadar med rundt ein halv milliard kroner, seier Teigene.
– Gått betre enn frykta
Arbeidsløysa i regionen er lågast i landet, og på veg ned til nivået før landet vart stengt ned for 14 månadar sidan. Avdragsfritak på låneavtalar til kundane i banken er tilbake på nivået før korona.
– Totalt sett går det betre enn vi frykta då landet stengde ned i mars 2020, spesielt for privatkundane våre, seier Teigene og utdjupar:
– Eit år etter koronautbrotet har vi ikkje sett den auken i misleghald som vi i mars i fjor frykta på sikt. For privatmarknaden er misleghaldet redusert. Den viktigaste årsaka til dette er det låge rentenivået og eit lågare forbruk enn for eitt år sidan.
Næringslivet har klart seg godt
På bedriftsmarknad rammar pandemien næringane ulikt. Mykje av næringslivet er lite råka, men det siste året har vore krevjande for dei bedriftene som har vore hardast råka av nedstenginga. For desse er soliditeten og likviditeten svekka, og mange er avhengige av at gjenopninga av samfunnet går som planlagd.
– Inntrykket vårt er at næringslivet i Sogn og Fjordane i stor grad har klart seg godt gjennom pandemien. God omstillingsevne og støtteordningar frå staten, gjennom statsgaranterte lån og kontantstøtte, har redusert dei negative konsekvensane for næringslivet. Mange av våre bedriftskundar har klart seg svært bra det siste året, noko som også viser igjen i investeringsplanar og god aktivitet på utlånssida.
HOVUDLINJER PR. 1. kvartal 2021 (1. kvartal 2020 i parentes)
• Netto renteinntekter 229 mill. kr (250 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 14 mill. kr(-49 mill. kr)
• Driftskostnader 130 mill. kr (124 mill. kr)
• Inntektsført tap på utlån 9 mill. kr (80 mill. kr i tap)
• Totalresultat 123 mill. kr (12 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 9,1 % (0,9 %)
• Kapitaldekningsprosent 18,79 % (19,0 %)
For meir informasjon, kontakt:
Trond Teigene, adm. direktør, trond.teigene@ssf.no, 908 25 086
Frode Vasseth, finans og økonomidirektør, frode.vasseth@ssf.no, 951 98 452