Sparebanken Sogn og Fjordane lånar 300 «grøne» millionar

04.09.2019
Sparebanken Sogn og Fjordane tek klimautfordringane på alvor og er no den andre sparebanken i landet som tilbyr grøne obligasjonslån til investorane. – Det er vi veldig stolte av, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Grøn obligasjon betyr at pengane som banken lånar i finansmarknaden berre skal brukast på finansiering av grøne prosjekt.
Som eit ledd i Sparebanken Sogn og Fjordane sin berekraftsstrategi har banken utarbeidd eit grønt rammeverk for obligasjonsfinansiering av utvalde lån til fornybar energi, med særleg fokus på vasskraft.
Tidleg ute
CICERO Senter for klimaforsking har teke ei uavhengig vurdering av rammeverket og gjeve den si høgste moglege vurdering – mørkegrøn.
– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå investorar både i Norge og Sverige, og vi opplever å treffe marknadsaktørar vi vanlegvis ikkje snakkar med, mellom anna spesialistar innan grøne investeringar. Det er viktig for oss som bank å gje investorane denne moglegheita, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Banken startar i første omgang med finansiering av 300 millionar, som er ein relativt liten del av utlånsportefølja til banken, men vil utvide etter kvart.
– Vi er tidleg ute, som den andre sparebanken i Norge, men vi er trygge på at både tilbod og etterspurnad etter slike obligasjonar vil auke framover, seier Teigene.
– Etablering av grønt rammeverk er eit steg i riktig retning, kor banken set klimatiltak og grøne prosjekt høgt på agendaen. Eit grønt rammeverk harmoniserer med banken sin berekraftsprofil og bidraget vårt mot eit klimanøytralt samfunn, forklarer han vidare.
Vil vere miljødrivkraft i fylket
Han held fram:
– Sparebanken Sogn og Fjordane er, i eigarskap av å vere ein viktig samfunnsaktør og bank i fylket vårt, svært oppteken av å bidra til at våre kundar og investorar kan ta del i det grøne skiftet og utvikling tilpassa eit lågutsleppsamfunn. Klimavurdering inngår allereie i kredittprosessane for bedriftskundar og vi har også gjeve miljøretta gåver i fylket, i tillegg til at banken er sertifisert som Miljøfyrtårn.
I slutten av september skal banken saman med fleire andre også dele ut DRIV-prisen, ein heilt ny grøn innovasjonspris.
– Vi ønskjer å vere ei drivkraft i samfunnet når det gjeld det grøne skiftet, og grøne obligasjonar er eit nytt tiltak for å sikre vårt bidrag til ei framtidsretta utvikling, legg han til.
Det fullstendige rammeverket og CICERO si vurdering er tilgjengeleg på vår heimeside. For å lese meir om dette, følg denne lenka.