Auka inntekter og låge tap gir god start på året

03.05.2019
Sparebanken Sogn og Fjordane står midt i eit stort generasjonsskifte, men det går ikkje utover resultata. Inntektene til banken har auka med over 30 millionar kroner, viser ferske tal.
– Vi har fått ein god start på 2019, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
Det viser også tala frå årets første kvartal. Den største banken i fylket har ei samla inntekt på 282 millionar kroner, noko som er 33 millionar meir samanlikna med det første kvartalet for eitt år sidan.
Dette har samanheng med eit godt resultat frå mellom anna finansielle investeringar, vekst i netto renteinntekter og låge tap på utlån.
60 nye tilsette siste tre åra
Banken er inne i ei tid med betydelege omstillingar som krev ny kompetanse. Dei tre siste åra har Sparebanken Sogn og Fjordane tilsett til saman 60 nye medarbeidarar. Desse erstattar dyktige medarbeidarar som har gått av med pensjon, men mange representerer også ny kompetanse som vil vere avgjerande for å utvikle banken vidare.
– Det er fullt mogleg å gjennomføre omfattande fornying av organisasjonen, og samstundes levere vekst og gode resultat, seier Teigene.
Han held fram:
– Den sterkast veksande aldersgruppa i verda i dag er dei over 65 år, og dette treff Sogn og Fjordane med tyngde. Éin av fire arbeidstakarar når pensjonsalder innan 5 – 6 år, difor er rekruttering fylket si største utfordring dei neste åra. Banken er likevel eit døme på at det er mogleg å møte denne utfordringa, seier Teigene.
Gir 45 millionar tilbake
Dei gode resultata til banken gjer at store summar blir ført tilbake til samfunnet gjennom støtte til allmennyttige formål. Berre i 2019 vil om lag 45 millionar av banken sitt overskot bli delt ut til slike formål.
– Gode resultat gjer at vi har moglegheita til å ta ei aktiv og sterk samfunnsrolle, og gjennom det bidra til nyskaping og aktivitet. Noko vi mellom anna ser no med alle dagsturhyttene. Det er utruleg kjekt å for oss å sjå all aktiviteten det er på desse hyttene rundt om i heile Sogn og Fjordane. Det skaper stoltheit hos meg og våre tilsette, seier Teigene.
Det er den siste veka gjennomført offisielle opningar i Stryn, Vågsøy, Førde og Sogndal, med til saman 1500 besøkande. I løpet av 2019 skal det stå klar dagsturhytte i alle 26 kommunar i Sogn og Fjordane.
HOVUDLINJER 1. KVARTAL 2019
• Netto renteinntekter 220 mill. kr (210 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 30 mill. kr (9 mill. kr)
• Driftskostnader 122 mill. kr (114 mill. kr)
• Tap på utlån 1 mill. kr (8 mill. kr)
• Totalresultat 126 mill. kr (97 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 10,8 % p.a. (9,0 % p.a.)
• Kapitaldekningsprosent 18,2 % (17,8 %)
Tala i parentes er frå første kvartal i 2018.