Namnet til «Sparebanken Sogn og Fjordane» er klart

Det vert «SpareBank 1 Sogn og Fjordane». – Eit heilt naturleg val, seier administrerande direktør Trond Teigene.
I slutten av april vart det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i SpareBank 1-alliansen.
– At vi investerer i SpareBank 1-alliansen er ei strategisk avgjerd som sikrar at vi styrkar grunnmuren til banken. Denne investeringa gjer oss til ein sterkare partnar for næringslivet og lokalsamfunna i regionen vår. Logoen vert ny, men styrken vår er framleis lokalt nærvær, lokal kompetanse og lokale avgjersler. Slik skal det også vere i framtida, og derfor er «Sogn og Fjordane» det rette namnet for oss, seier Teigene.

– Oss på alle måtar

Teigene fortel at det har vore ein del spørsmål om nettopp namnet, både internt og eksternt, etter at banken gjekk ut med allianse-nyheita.
– Det var naturleg for oss å ta ein fot i bakken på namnet vårt, no når vi først skal skifte logo på alle flatene våre. Vi landa likevel raskt på at vi må behalde «Sogn og Fjordane». Det namnet er oss på alle måtar, og vi er veldig stolte over det, fortel Teigene.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988. Banken har røter heilt tilbake til Førde Sparebank i 1842.
– Namnet vårt fortel, uansett om fylket ikkje finst lenger, noko om oss og kva region vi er del av. Både «Sogn» og «Fjordane» gjev sterke assosiasjonar til området vårt, og det at fjordane er på nynorsk er òg ein god markør på kven vi er og kor vi kjem frå. Vi er heilt sikre på at namnet vil fungere like godt framover som det har gjort til no, seier han.

Godt namn for nasjonal vekst

Sparebanken Sogn og Fjordane er Norges niande største sparebank, og har hatt ein nasjonal vekststrategi på privatmarknaden i over 20 år. 
– Rundt halvparten av kundane våre bur utanfor kjerneområdet vårt, og i 2022 var åtte av ti nye kundar frå utanfor Sogn og Fjordane. Namnet treff både nasjonalt og lokalt, fortel han.
Når logoendringa skjer avheng av når banken går formelt over til å bli ein SpareBank 1-bank.
– Vi trur det vert i første delen av 2024, så SpareBank 1 Sogn og Fjordane vert først tatt i bruk då, seier Teigene.

Ved spørsmål, kontakt:

Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Kommunikasjonsdirektør, Johanne Viken Sandnes, johanne.sandnes@ssf.no, 959 21 208