Best på omdømme fjerde året på rad!

– At vi tronar heilt på toppen på omdømme også i år, er noko eg er veldig stolt av, seier Linda Vøllestad Westbye, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.
For fjerde året på rad deltek Sparebanken Sogn og Fjordane i den årlege bransjeundersøkinga til EPSI Rating Norge, som måler kundetilfredsheita for privatkundar i bankbransjen.
Og for fjerde året på rad plasserer Sparebanken Sogn og Fjordane seg heilt i toppen på mange av punkta i undersøkinga.
– Gjer meg kjempestolt
Når det gjeld omdømme, så er banken heilt øvst. Dette betyr at det har blitt førsteplass på omdømme alle fire åra banken har delteke i undersøkinga.
– Dette gjer meg rett og slett kjempestolt på vegner av den dyktige gjengen med tilsette her i banken. Og ikkje minst er eg veldig takknemleg for tilliten kundane viser oss, seier Vøllestad Westbye.
På pallen totalt
Om ein ser på heile undersøkinga under eitt, kjem banken på ein tredjeplass. Banken plasserer også i toppsjiktet på kvalitet på rådgjevinga og digitale tenester.
Det same gjeld den delen av undersøkinga som tek for seg berekraft, der banken kjem ut som nummer tre.
– Vi jobbar kvar dag med å gje kundane våre gode kundeopplevingar. Når vi då får slike fantastiske tilbakemeldingar, er det utruleg kjekt. Tilbakemeldingar frå kundane er dei tilbakemeldingane som betyr mest, så dette gir oss ekstra motivasjon, seier Vøllestad Westbye.
Du kan lese meir om denne undersøkinga på EPSI Rating si nettside.