Solid vekst for Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt første kvartal etter gjenopninga viser sterke tal, og kundane i banken sparar som aldri før.
Torsdag publiserte Sparebanken Sogn og Fjordane tala sin for tredje kvartal. Med eit resultat før skatt på 229 millionar kroner fekk banken sitt beste resultat for tredje kvartal nokon sinne. Veksten i utlån det siste året er på 2,6 milliardar kroner.
– Banken har levert sterk vekst over tid, og har no ein tolvmånaders vekst på utlån til privatmarknaden på 6,9 prosent. Dette er godt over den nasjonale kredittveksten og viser at banken står seg godt i konkurransen. Dette fekk vi også stadfesta gjennom at vi for tredje år på rad kom på førsteplass på omdømme i EPSI-undersøkinga, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Den nasjonale undersøkinga blant privatkundar kom i september, og banken plasserte seg på andreplass med beste mobilbank, og gjekk heilt til topps på kunderelasjon og omdømme.
Betre enn frykta for næringslivet
Resultatframgangen skuldast også tilbakeføring av tidlegare avsetning til tap. Med seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar har banken ei god oversikt over ståa i næringslivet.
– Vi ser at det går betre for næringslivet i Sogn og Fjordane, og at det totalt sett har gått betre enn vi frykta våren 2020. Dette gjer at vi kan redusere tapsavsetningane våre, noko som verkar inn på resultatet vårt, fortel han.
Unge kundar i sparemodus
Dei siste åra har mange fått auga opp for sparing i fond, og det gjeld også kundane i banken. Spesielt dei unge har kasta seg på bølga.
Summen av fondsbehaldninga til våre kundar mellom 18 og 29 år har dobla seg gjennom pandemien. Det er dei unge som har auka fondsbehaldninga mest sidan nedstenginga, fortel Teigene.
Banken sine kundar har samla auka si fondssparing frå 1,7 milliardar i mars 2020 til 3,25 milliardar i september 2021. Prosentvis er dette ein auke på 91 prosent.
God drift
God vekst, inntektsføring på tap og elles ei generelt god utvikling i banken gjer at banken endar ut med eit godt resultat for 3. kvartal isolert og for året under eitt.
Resultat etter skatt for 3. kvartal er på 176 millionar kroner, noko som gir ein eigenkapitalavkastning på 12,7 prosent. For året samla har banken no eit overskot etter skatt på 470 millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 11,7 prosent tredje kvartal.
– At banken har god drift gjer at vi har sterke finansielle musklar til å vere med på å utvikle Sogn og Fjordane vidare. Vårt viktigaste samfunnsansvar er å finansiere næringslivet her, og resultatet gjev oss kraft til nettopp dette, seier Teigene.


Hovudlinjer 3. kvartal 2021 isolert
  • Netto renteinntekter 235 mill. kr (223 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 36 mill. kr (7 mill. kr)
  • Driftskostnader 117 mill. kr (114 mill. kr)
  • Tilbakeført/inntektsført tap på utlån 37 mill. kr (26 mill. kr i tap)
  • Totalresultat 176 mill. kr (95 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 12,7 % p.a. (7,3 % p.a.)


Hovudlinjer pr. 3. kvartal 2021 hittil i år
  • Netto renteinntekter 694 mill. kr (674 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 110 mill. kr (87 mill. kr)
  • Driftskostnader 360 mill. kr (350 mill. kr)
  • Tilbakeført/inntektsført tap på utlån 37 mill. kr (112 mill. kr i tap)
  • Totalresultat 470 mill. kr (325 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 11,7 % (8,6 %)
  • Kapitaldekningsprosent 19,0 % (18,0 %)
Alle tal som er kommenterte gjeld for konsernet, om ikkje anna er oppgitt. Tal i parentes er tal for 3. kvartal 2020.