– Eg får ei oppfølging som eg ikkje får andre plassar


Då Pranavan Illavalagan frå Oslo skulle kjøpe si første leilegheit i Lørenskog, blei redninga eit bustadlån hos Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Då eg søkte lån, var det til eit nybyggprosjekt som skulle vere ferdig to år fram i tid. På det tidspunktet eg søkte, hadde eg ei juniorlønn fordi eg nettopp hadde begynt i jobben min. Eg forklarte at innan to år då byggeprosjektet skulle stå ferdig, kom eg til å ha ei seniorlønn. Eg hadde også meir i oppsparte midlar enn eigenkapitalskravet. Men eg fekk likevel avslag. Det var ganske frustrerande at bankane berre vurderte tala heilt svart på kvitt, og ikkje gjorde noko vidare undersøkingar, seier Illavalagan.
Pranavan Illavalagan er født og oppvaksen med familien sin i Oslo. Han er utdanna informatikar, og jobbar i dag som IT-utviklar hos CegalSysco på Lysaker. I jakta på sitt første bustadlån, fekk han etterkvart tips frå vennene sine om å ta kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Eg kom i kontakt med Emir Saracevic, og etter nokre samtalar med han fekk eg lån. Eg opplevde at Sparebanken Sogn og Fjordane vurderte eit større bilete, og var villig til å gjere meir bakgrunnssjekk for å finne ei løysing for meg, seier Illavalagan.

Best på omdømme tre år på rad

Tre år seinare er Pranavan Illavalagan framleis lånekunde i banken på andre sida av fjella, og han angrar ikkje på det.
– Ein god bank for meg er ein bank som prioriterer kundane sine med god informasjon og rask behandlingstid dersom ein ønsker å snakke med kunderådgjevaren sin. Eg er opptatt av at ikkje alt berre skal vere business, men at ein faktisk ser kunden sin. Alt dette får eg hos Sparebanken Sogn og Fjordane og med Emir, forklarer Illavalagan.
Dei tre siste åra har EPSI Rating Norge kåra Sparebanken Sogn og Fjordane til Norges beste bank på omdømme. For Illavalgan var det nettopp omdømmet som gjorde at han fulgte banktipset frå vennene sine, noko som har vist seg å leve opp til forventningane.
– Emir er veldig dyktig. Han kan faget sitt og har alltid eit godt svar på ting eg lurer på. Han kjem med informasjon som eg bør lese meg opp på, og eg får ei betre forståing etter å ha snakka med han. Han finn alltid tid til oppfølging på telefon. Dette er også mykje av grunnen til at eg no anbefaler banken vidare til andre venner av meg, seier Illavalagan.
– Fornøgde kundar betyr alt for oss. At vi kjem på førsteplass på omdømme, er ei tydeleg stadfesting på at vi gjer noko rett. I tillegg tilbyr vi smarte digitale løysingar, slik at det blir lett å vere kunde også for dei som ikkje har noko tilknyting til Sogn og Fjordane, seier Emir Saracevic og trekker spesielt fram mobilbanken som kom på 2. plass i EPSI-kåringa i 2021.

Det viktige kundeforholdet

Illavalagan ser ingen ulemper med å vere lånekunde i ein bank som har opphavet sitt i eit geografisk område han sjølv har mindre kjennskap til.
– Eg er så fornøgd med oppfølginga eg får i Sparebanken Sogn og Fjordane, og meiner eg får fordelar og oppfølging her som eg ikkje kan få andre plassar. Eit slikt kundeforhold har ein vesentleg verdi, og derfor blir eg verande som kunde, seier Illavalagan.
Les meir om fordelane i Sparebanken Sogn og Fjordane

Snakk med oss

Dersom det er noko du lurer på, fyll ut skjemaet så tar vi kontakt med deg. Eller ring Emir direkte for ein uforpliktande bankprat.
Emir Saracevic
Fyll inn namn og telefonnummer så tar vi kontakt med deg for ein uforpliktande prat.