Kl. 17:30: Laila frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Jonas frå Kaupanger IL ønsker velkommen. Sjølve treningsøkta er på ca 40 min og blir effektiv og variert med sveittegaranti!
Det blir storskjerm og musikk styrt av den unge og talentfulle DJ Trym frå Kaupanger.
Etter treninga blir det Meet&Greet, der deltakarar kan få ta bilde saman med Funkygine (ca 30 min). Avslutning ca 19:15.
Aldersgrensa for treninga er 15 år. Det er også mogleg å vere med som publikum om du kjenner nokon som av ulike årsaker ikkje kan trene, men ønsker å vere med å sjå på. Det er inga nedre aldersgrense for å vere publikum, men barn under 12 år bør kome i følgje med vaksen.
Vi gler oss til å sjå deg på torsdag. Velkommen!