Renteendring i Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta på lån og innskot inntil 0,35 prosentpoeng.

Som følgje av renteendring i Norges Bank, uro i økonomien og endra konkurransesituasjon, set Sparebanken Sogn og Fjordane ned renta på lån med verknad frå 23. mars 2020. 

For eksisterande kundar vil den nye lånerenta vere gjeldande frå 30. april 2020.

– Vi ser at koronaviruset fører til økonomiske utfordringar, derfor har vi lagt til rette for ein enkel prosess for å få innvilga avdragsfritak på bustadlånet, seier Frode Vasseth, finans og økonomidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane .

Ny beste rettleiande rente for kundar som skal kjøpe sin første bustad og grønt bustadlån er 2,60 % nominell rente. 

For meir informasjon, kontakt: 

Finans og økonomidirektør Frode Vasseth
Telefon: 951 98 452
E-post: frode.vasseth@ssf.no


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00